
12 Poeng
By 12 Poeng

12 PoengApr 03, 2021

We did it, Joe!

Kaukasus og skrikeklem
Pust, pes, kjem vi i mål i tide? Lamminga dreg ut og Kanne Kalse er 50% sjukmeld, og vi hastar framover med tre av dei sju attståande bidraga.
Armenia, Aserbajdsjan og Georgia leverer ein mildt sagt blanda potpurri med flagrande friassosiert heksemusikk, SoMe-kritisk trendy morsmålsrap og... earwormpop? Sjangervåsalarm og meir livsvisdom frå folk som ikkje er gamle nok til å leige ein bil. Kaukasus er dagens destinasjon og Hanne og Lars er som vanleg klare med sine friassosierte tankar om det dei leverer. Thing is known.

To doble og ein SOLO, blunk blunk, forstod du vitsen?

Baltikøs™

Las islas bonitas
Bli med oss på øyhopping når vi besøker små og store på Kypros, Malta og Island på vegen til Liverpool! Hanne lærer oss å lage kokain og Lars har seriøst problem med å hugse sjølv dei enklaste ting. Fekk Hanne lov til å reise på EF Språkreiser som tenåring? Spoiler alert: Nei, så klart ikkje. Vi tek derimot denne episoden som ei språkreise og lærer nye gloser på turen. Saksofon og korps og ein gratis terapitime får du på kjøpet!

Kunstaktig prompaktig
Tre av dei meir kunstnarleg ambisiøse bidraga blir trygt og fagmessig handsama av våre to rutinerte programleiarar i dagens episode. Dei politiske tilhøva på Balkan, til dømes, føler vi at vi har full kontroll på. Kann er tilbake frå påskeferien og kan opplyse om at vi har mange episoder igjen av sesongen. Takk for tipset, Kanne, men desse episodebeskrivelsane må òg skrivast, og det tek jo tid.
Dagens tur går til Tsjekkia med stoppestadar i Kroatia og Serbia. Kos dykk!

Nå kommer barnetimen, hysj hysj hysj!
Vi møter stadig problem i det at vi er så innmari gamle blitt, og vi skjønar ingenting av at deltakarane i ESC no er småungar som vart fødde etter at vi vart vaksne.
Vi greier ut om vår djuptgåande kjennskap til Sosiale Media og demonstrerer ei generelt ungdommeleg innstilling. Lars klagar over det verste året i ESC og Hanne er ivrig etter tilbakemeldingar på eigne prestasjonar.
Landa vi går gjennom i dag er Danmark, Hellas og Storbritannia.

Andra chansen

Endeleg skal Rocke-Hanne og Rocke-Lars få!
Vi handsamar nokre av årets talrike band, og tek i dag for oss dei lengst ute på rockelinja. Ikkje uventa blir det blanda kjensler rundt dette. Hanne Espelid Hovig stiller også med ei lita heimkunnskapsoverrasking!
#Tyskland #SanMarino #Australia #ESC2023 #Eurovision #PiñaColada #Alkoholfritt

Den nye podcasten til Sophie Elise. Neida.

Frygisk debut
I dag blir vi presenterte for eit eklektisk utval songar, og før du skriv ein rasande e-post til oss om at vi berre snakka om to bidrag i dag kan vi berolige deg med at joda, du har berre gløymt Irland sitt i midten der. Du gløymde det allereie medan du høyrde det, berre spol tilbake og sjekk, det er der. Kanne Kalse kjem med få og gamle nyhende og møter ein ny kollega. Hotellkapasiteten i Trondheim blir diskutert inngåande, på eit lokalgeografisk detaljnivå som sikkert er pirrande viss du ikkje er kjent i byen. Noko for ein kvar smak altså!
#Norge #Alessandra #QueenOfKings #Irland #WildYouth #WeAreOne #Spania #Blanca #Paloma #EAEA

Det er faktisk sesong 5 assa
Synst du vi er trege med å kome i gang? OK, kva har du tenkt å gjere med det då liksom? Vi tenkte oss det ja, berre sett deg ned og ta det du får, og ver nøgd med det.
Fem sesongar baby! For å ta vare på vår eigen psykiske helse hoppa vi over MGP-dekninga i år og hoppar rett på djupt vatn med dei tre første bidraga som skal til Liverpool. Spoiler alert: Vinnaren i 2023 er ikkje med i denne episoden. Med mindre vi snakkar om ho som vinn kvart år: Kanne Kalse!
#Albania #Belgia #Ukraina

Bakspeil -22
Vi vurderer årets Eurovisionveke og resultat dagen etter ESC-finalen 2022. Pluss: konkurranseresultat.

Kari og Dylan, siste par ut
Australia, Norge, semifinale 2 og attpåtil KONKURRANSE. 12 poeng runder av sesong 4 med det som kanskje er den siste episoden, diskuterer livets betydning og gleder seg til Eurovision-uka.
Delta i konkurransen DU OGSÅ!

Restegryte fra Middelhavet
Hellas, Nord-Makedonia og første semifinale i en one pot på lav varme. 12 poeng får sin egen spådame (kanskje en fast karakter i neste sesong???) og Lars snakker om foppall.

To gode naboar og ein til.
Sveits, Østerrike og... Romania? står for tur. Etter ein serie oppturar dei siste seks bidraga vi har diskutert må vi dessverre førebu dykk på eit sett som held eit noko meir meh nivå. Men tru ikkje at det stoppar oss frå å vere superunderhaldande. Vi snakkar om kjensler, vi snakkar om nittitalsbandet Mr. President, vi snakkar om tonekjønn, øydelagde scener og Hurtigruta Carglass. Heng deg på i innspurten til ESC 2022!

I østen stiger etc.
Enda ei episode som har ligge på vent i lang tid. Vi har prøvd å fjerne alle referanser til påske, sidan denne vart tatt opp før påske og blir gitt ut veldig, veldig lenge etter påske. Men vi skal besøke aust-Europa i dag i ei av vår meir sjangermessig varierte og -våsete episoder, dessutan litt feil/klønete uttale av namn og anna snacks. Velkommen til Moldova, Polen og Ukraina. Rekn med dei opp- og nedturane i stemning det medfører.

Faga du hadde på skulen
Då du gjekk på ungdomsskulen, valde du engelsk fordjuping, tysk eller breton? I denne episoden tek vi for oss dei tre siste av dei fem store, Lars tek eit oppgjer med OL, Frankrike maksar morsmålsometeret og Tyskland leverer både hummar og kanari. Dessutan er England ei slags positiv overrasking.

Til veldig österland vill jag fara
Lars er for ein gongs skuld den positive i dette programmet, men har gløymt korleis alfabetet fungerer. Kanne, den megga, viser seg å vere antivaxer. Og vi skal så langt austover at dei antakelegvis allereie har stått opp i morgon.

Du gamla, du fria etc.
Vi deler grense med desse tre, men deler vi gleder, deler vi sorger? Deler vi det som betyr noko? Deler vi Eurovisionbidrag? Nei, så klart ikkje! Slutt med det tullet! Deling er for barnehageborn uansett.

Islands in the stream, that is what they are
Bli med oss på øyhopping og få med deg eit svært variert opplegg frå Island, Kypros og Malta. Frå Rachel McAdams-søstrene med mange og rare namn via kypriotisk dampande lengt til ei rikmannsdotter frå Malta som moglegens vann littegrann ufortent. Noko for, om ikkje ein kvar smak, i alle fall tre smakar sånn cirka.

Ovo je Balkan
Ei sunn sjel i ein sunn lekam føreset nok søvn, noko vi absolutt ikkje kan skilte med i denne episoden. Men vi kjem oss gjennom 3/5 av Balkan i dag, og det er Kroatia, Serbia og Montenegro som får prøve seg mot våre kritiske øyre - med blanda hell, kan ein vel seie.

Baltic bitch
Vi besøker våre naboar i aust, for øvrig kjende for ullgensarar, vottar og andre varme ting, dessutan nydeleg kormusikk, samt ropedama over alle ropedamer, Samanta Tīna. Estland har levert ESC-skattar tidlegare, men Litauen har vakse fram som den neste store aktøren i dette området - kven leverer i år, og kven gjer ikkje?

Še sells sea šells by the sea šore
Ei episode som har hatt ein uvanleg lang redigeringsfase! I dag: tre land av forskjellig karakter, men med same forbokstav igjen! Konspirasjonsteori, gamle nyhende og blindt raseri er ingrediensar når vi tek turen innom San Marino, Slovenia og Spania. Episoden er tatt opp for ei veke sidan, og mykje har skjedd sidan då. Слава Україні! Героям слава!

Iii!
Tredje episode, III, tre i-ar. No er vi i gang! Frå aggressiv irsk pønkpop via billig israelsk realitymusikk til nok eit italiensk bidrag som kjem til å blåse mange konkurrentar av banen - her er noko både for dei med og dei utan smak. Pluss ein gjesteopptreden med religiøse svindelforsøk frå middelalderen og Hanne som les opp 60 bidrag i rekkefølge.

Melodi? Grand? Men Prix blir det i alle fall.
Altså, surmaga har vi vel alltid vore, men i år er det vel ikkje berre oss, eller? Er dette bra nok, NRK?

Eurovision Song Contest 2021: Debrief
Bli med på ein lett og ledig peisprat om årets ESC-veke og våre reaksjonar.

Bulgaria 2021: VICTORIA - growing up is getting old
Siste song ut i år (i vår tilfeldige rekkefølge) er ei dame utan respekt for store og små bokstavar og deira plass i konvensjonell ortografi. Men ho er desto meir GenX! Lars burde vere glad for at ballader er in, men desse nymotens balladene, er dei noko tess? Dessutan debuterer 12 Poeng med damekorrepertoaret sitt. Hugs å sende inn din profeti for årets topp 26 til podcast@12poeng.no innan 17. mai klokka 21!

Portugal 2021: The Black Mamba - Love is on My Side
Portugal har tradisjonelt levert tradisjonelle portugisiske greier på portugisisk, og så sender dei altså sitt aller første heil-engelske bidrag i år. Med tekstinspirasjon frå ein nederlandsk sex-arbeidar. Wowza. Og til Hanne si store glede viser det seg at Lars produserer ei overtydande Macy Gray-etterlikning. Vi seier dessutan takk for i år til Kanne Kalse, takk for samarbeidet så langt og velkomen attende til henne.

Romania 2021: Roxen - Amnesia
Stemmer det at dette ikkje er første gongen vi brukar ein ikkje ubetydeleg del av podcasten til å snakke om den kortliva såpeserien Sunset Beach utan grunn? Føler det har skjedd før. Og Hanne har litt problem medd å skilje mellom Billy og Stomperud, noko som heller ikkje har så mykje med det rumenske bidraget å gjere. Kan det vere at bidraget ikkje stimulerer til sakleg samtale, eller ligg problemet hjå programleiarane?

Storbritannia 2021: James Newman - Embers
Men kvifor er United Kingdom og Great Britain begge oversett med Storbritannia?!

Russland 2021: Manizha - Russian Woman (Русская женщина)

Australia 2021: Montaigne - Technicolour
Den n-te 2020-artisten i årets finale sender noko ganske anna enn i fjor, og Hanne endeleg får den glimen i augo som antyder meir enn seks poeng. Men held det til toppscore? Pluss alle dei australske klisjeane framført med utruleg lite overtyding, sjølvsagt.

Sverige 2021: Tusse - Voices
Eks-mannen vår austanfor har surfa på ei årelang topp 10-bølge, og leverer årvisst glatte og lettlikandes låter som lurer seg inn i dei europeiske juryhjarte, men dei siste åra har tendensen vore svært låge publikumspoeng. Har vi som publikum fått nok av låtskrivarteam på storleik med ein middels ungdomsskule, og hjelper det å sende ein sjarmerande russ med underdog-historie når låta er så... svensk? Vi får sjå.

Nederland 2021: Jeangu Macrooy - Birth Of A New Age
Vi skal til vertsnasjonen, som tradisjonelt nok ligg i nedre del av bettinglistene, men fortener dei pes i år? Lars er forkjøla, så episoden er litt forseinka, og de får dessutan gleden av å høyre han slafse på ein Fribol. Neida. Det måtte klippast ut, så episoden er endå meir forseinka. Helsingvis er Hanne og Kanne i betre form, så vi får siste nytt pluss vill gjetting rundt beliggenheita til Surinam.

Slovenia 2021: Ana Soklič - Amen
Årets andre Amen kjem frå landet som har gitt oss klassikarane Sebi, Energy og Hvala, Ne!, men kan Ana måle seg med desse? Har gospel ein plass i ESC? Kjem Vasil til å grine av si eiga framføring av Here I Stand? (Garantert!) Bli med dine favoritt ESC-nesten-nerdar til Slovenia og omegn!

Israel 2021: Eden Alene (עדן אלנה) - Set Me Free
Kan det å omsetje ein song frå morsmål til engelsk samt fjerning av ein modulasjon i det heile tatt kallast ein revamp? Vil Eden greie ESC-historiens høgste tone? Kvar er Kanne Kalse to tredelar av tida? Kvifor alltid Simon Cowell? Velkomen til ei episode der tråden ikkje blir halden og vi tråkkar i mange politiske salatar, som tradisjonen er når turen kjem til Israel.

Hellas 2021: Stefania - Last Dance
Greier vi å presse inn ein Finn Schau-referanse i ein podcast om årets greske bidrag? Den som høyrer får... høyre! Og Kanne Kalse er ute av karantene igjen, så ver budd på siste nytt.

Sveits 2021: Gjon's Tears - Tout l'univers
Ein av mange andra chansen-artistar i år diskar opp med nok ein ballade større enn livet sjølv. Like stor som heile universet! Bli med på ei reise gjennom heile ESC-historia gjennom gleder og (dei siste 20 åra stort sett) sorger for konkurransens O. G. vinnar Sveits. Og kos deg med vår franskkompetanse som er, i mangel av betre skildringar, tres bien.

Island 2021: Daði og Gagnamagnið - 10 Years
Island sender ei to meter høg hipster som er glad i kona si og ungane sine, og det er ein god idé, for no ligg dei dæsken døtte oss heilt oppe i oddstoppen for andre år på rad. Får vi høyre årets vinnar og Islands første førsteplass i dag?

Austerrike 2021: Vincent Bueno - Alive
Mykje bra kjem frå Austerrike - Kommisar Rex, vals og etternamn med to konsonantar på slutten, for eksempel. Og Vincent er jo bueno, eller? Vi dykkar meir ned i det musikkteoretiske i dag, er det eit format vi burde gå vidare med? Lars er Udo, Hannelore er Liesl.

Aserbajdsjan 2021: Efendi - Mata Hari
Kva diskar dəi opp məd i år, dəssə asərbajdsjanaranə, som alltid har əin svənskə på lur og ər passələg ətniskə på əngəlsk? Å, dəi stillər məd samə song som i fjor? Spanandə!

Belgia 2021: Hooverphonic - The Wrong Place
Vi lærer mykje i denne episoden både om trip-hop og dagen derpå, men det mest sjokkerande er at i Flandern kallar dei brus "PREK".

Tsjekkia 2021: Benny Cristo - Omaga
Lars har slipt den skarpe tunga si og Hanne imponerer med uventa tsjekkiske replikkar i aust og vest, eller, berre aust blir det vel. Tsjekkia leverer ung og frisk musikk, er det FOR ungt og frisk for eit aldrande podcastvertskapspar?

Noreg 2021: TIX - Fallen Angel
Heimekamp! Lars kjenner seg ekstra generøs og Hanne avslører mistenkjeleg djuptgåande kjennskap til Paradise Hotel. Og Kanne Kalse kjem med gode nyhende frå Rotterdam Ahoy!

Latvia 2021: Samanta Tīna - The Moon Is Rising
THE REEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEED...
Klar for litt god gammaldags ropedame? Leit ikkje lenger, her er ein stor porsjon.

Estland 2021: Uku Suviste - The Lucky One
Vi fortset turneen i det sentrale nordaust-Europa og landar i dag i Estland, songens og strikkekunstens land. All grunn til å vere positiv altså! Men greier dei å leve opp til klassikarar som Rändajad og Kuula i år? Og held det å heite noko Åge-liknande for at Hanne skal like songen din?

Polen 2021: Rafał - The Ride
Den polske ESC-historia toppa seg tidleg og har vore jamnt under middels ei stund. Kan årets bidrag løfte landet opp frå den evige 17.-plassens dal? Også i denne episoda: Kanne Kalse viser seg å ha fleire sider enn vi trudde.

San Marino 2021: Senhit ft. Flo Rida - Adrenalina
"Ntåå, dei er no søte" plar vere reaksjonen til resten av Europa kvar gong San Marino slepp ESC-bidraget sitt. I år, derimot, var det mange som fekk seg ei overrasking, for sammarineserane er svoltne på finaleplass og topp 10-plassering. Hanne blir kursa i Ramazotti-stemme og kjem med endringsforslag, men denne gongen til vårt eige format.

Malta 2021: Destiny - Je Me Casse
Vi prøver oss på maltesisk, det går dårleg. Ikkje bruk oss som maltesisk-kurs. Malta prøver seg på seier i år, mange veddemålsekspertar held det for sannsynleg. Kva seier ekspertane i 12 Poeng?