
12 Poeng
By 12 Poeng

12 PoengMay 09, 2023

We did it, Joe!

Kaukasus og skrikeklem
Pust, pes, kjem vi i mål i tide? Lamminga dreg ut og Kanne Kalse er 50% sjukmeld, og vi hastar framover med tre av dei sju attståande bidraga.
Armenia, Aserbajdsjan og Georgia leverer ein mildt sagt blanda potpurri med flagrande friassosiert heksemusikk, SoMe-kritisk trendy morsmålsrap og... earwormpop? Sjangervåsalarm og meir livsvisdom frå folk som ikkje er gamle nok til å leige ein bil. Kaukasus er dagens destinasjon og Hanne og Lars er som vanleg klare med sine friassosierte tankar om det dei leverer. Thing is known.

To doble og ein SOLO, blunk blunk, forstod du vitsen?

Baltikøs™

Las islas bonitas
Bli med oss på øyhopping når vi besøker små og store på Kypros, Malta og Island på vegen til Liverpool! Hanne lærer oss å lage kokain og Lars har seriøst problem med å hugse sjølv dei enklaste ting. Fekk Hanne lov til å reise på EF Språkreiser som tenåring? Spoiler alert: Nei, så klart ikkje. Vi tek derimot denne episoden som ei språkreise og lærer nye gloser på turen. Saksofon og korps og ein gratis terapitime får du på kjøpet!

Kunstaktig prompaktig
Tre av dei meir kunstnarleg ambisiøse bidraga blir trygt og fagmessig handsama av våre to rutinerte programleiarar i dagens episode. Dei politiske tilhøva på Balkan, til dømes, føler vi at vi har full kontroll på. Kann er tilbake frå påskeferien og kan opplyse om at vi har mange episoder igjen av sesongen. Takk for tipset, Kanne, men desse episodebeskrivelsane må òg skrivast, og det tek jo tid.
Dagens tur går til Tsjekkia med stoppestadar i Kroatia og Serbia. Kos dykk!

Nå kommer barnetimen, hysj hysj hysj!
Vi møter stadig problem i det at vi er så innmari gamle blitt, og vi skjønar ingenting av at deltakarane i ESC no er småungar som vart fødde etter at vi vart vaksne.
Vi greier ut om vår djuptgåande kjennskap til Sosiale Media og demonstrerer ei generelt ungdommeleg innstilling. Lars klagar over det verste året i ESC og Hanne er ivrig etter tilbakemeldingar på eigne prestasjonar.
Landa vi går gjennom i dag er Danmark, Hellas og Storbritannia.

Andra chansen

Endeleg skal Rocke-Hanne og Rocke-Lars få!
Vi handsamar nokre av årets talrike band, og tek i dag for oss dei lengst ute på rockelinja. Ikkje uventa blir det blanda kjensler rundt dette. Hanne Espelid Hovig stiller også med ei lita heimkunnskapsoverrasking!
#Tyskland #SanMarino #Australia #ESC2023 #Eurovision #PiñaColada #Alkoholfritt

Den nye podcasten til Sophie Elise. Neida.

Frygisk debut
I dag blir vi presenterte for eit eklektisk utval songar, og før du skriv ein rasande e-post til oss om at vi berre snakka om to bidrag i dag kan vi berolige deg med at joda, du har berre gløymt Irland sitt i midten der. Du gløymde det allereie medan du høyrde det, berre spol tilbake og sjekk, det er der. Kanne Kalse kjem med få og gamle nyhende og møter ein ny kollega. Hotellkapasiteten i Trondheim blir diskutert inngåande, på eit lokalgeografisk detaljnivå som sikkert er pirrande viss du ikkje er kjent i byen. Noko for ein kvar smak altså!
#Norge #Alessandra #QueenOfKings #Irland #WildYouth #WeAreOne #Spania #Blanca #Paloma #EAEA

Det er faktisk sesong 5 assa
Synst du vi er trege med å kome i gang? OK, kva har du tenkt å gjere med det då liksom? Vi tenkte oss det ja, berre sett deg ned og ta det du får, og ver nøgd med det.
Fem sesongar baby! For å ta vare på vår eigen psykiske helse hoppa vi over MGP-dekninga i år og hoppar rett på djupt vatn med dei tre første bidraga som skal til Liverpool. Spoiler alert: Vinnaren i 2023 er ikkje med i denne episoden. Med mindre vi snakkar om ho som vinn kvart år: Kanne Kalse!
#Albania #Belgia #Ukraina

Bakspeil -22
Vi vurderer årets Eurovisionveke og resultat dagen etter ESC-finalen 2022. Pluss: konkurranseresultat.

Kari og Dylan, siste par ut
Australia, Norge, semifinale 2 og attpåtil KONKURRANSE. 12 poeng runder av sesong 4 med det som kanskje er den siste episoden, diskuterer livets betydning og gleder seg til Eurovision-uka.
Delta i konkurransen DU OGSÅ!

Restegryte fra Middelhavet
Hellas, Nord-Makedonia og første semifinale i en one pot på lav varme. 12 poeng får sin egen spådame (kanskje en fast karakter i neste sesong???) og Lars snakker om foppall.

To gode naboar og ein til.
Sveits, Østerrike og... Romania? står for tur. Etter ein serie oppturar dei siste seks bidraga vi har diskutert må vi dessverre førebu dykk på eit sett som held eit noko meir meh nivå. Men tru ikkje at det stoppar oss frå å vere superunderhaldande. Vi snakkar om kjensler, vi snakkar om nittitalsbandet Mr. President, vi snakkar om tonekjønn, øydelagde scener og Hurtigruta Carglass. Heng deg på i innspurten til ESC 2022!

Fordums storhet
Tre tidligere kolonimakter får gjennomgå, selv om vi kanskje må innrømme at de leverer. Langeleik, hurdy gurdy, nye språk og annen passende og upassende tematikk behandles i denne episoden.
Tenk bare hvis Luxembourg kunne tatt seg sammen og blitt med, så kunne denne episoden hett BeNeLux!

I østen stiger etc.
Enda ei episode som har ligge på vent i lang tid. Vi har prøvd å fjerne alle referanser til påske, sidan denne vart tatt opp før påske og blir gitt ut veldig, veldig lenge etter påske. Men vi skal besøke aust-Europa i dag i ei av vår meir sjangermessig varierte og -våsete episoder, dessutan litt feil/klønete uttale av namn og anna snacks. Velkommen til Moldova, Polen og Ukraina. Rekn med dei opp- og nedturane i stemning det medfører.

Faga du hadde på skulen
Då du gjekk på ungdomsskulen, valde du engelsk fordjuping, tysk eller breton? I denne episoden tek vi for oss dei tre siste av dei fem store, Lars tek eit oppgjer med OL, Frankrike maksar morsmålsometeret og Tyskland leverer både hummar og kanari. Dessutan er England ei slags positiv overrasking.

Til veldig österland vill jag fara
Lars er for ein gongs skuld den positive i dette programmet, men har gløymt korleis alfabetet fungerer. Kanne, den megga, viser seg å vere antivaxer. Og vi skal så langt austover at dei antakelegvis allereie har stått opp i morgon.

Du gamla, du fria etc.
Vi deler grense med desse tre, men deler vi gleder, deler vi sorger? Deler vi det som betyr noko? Deler vi Eurovisionbidrag? Nei, så klart ikkje! Slutt med det tullet! Deling er for barnehageborn uansett.

Islands in the stream, that is what they are
Bli med oss på øyhopping og få med deg eit svært variert opplegg frå Island, Kypros og Malta. Frå Rachel McAdams-søstrene med mange og rare namn via kypriotisk dampande lengt til ei rikmannsdotter frå Malta som moglegens vann littegrann ufortent. Noko for, om ikkje ein kvar smak, i alle fall tre smakar sånn cirka.

Ovo je Balkan
Ei sunn sjel i ein sunn lekam føreset nok søvn, noko vi absolutt ikkje kan skilte med i denne episoden. Men vi kjem oss gjennom 3/5 av Balkan i dag, og det er Kroatia, Serbia og Montenegro som får prøve seg mot våre kritiske øyre - med blanda hell, kan ein vel seie.

Baltic bitch
Vi besøker våre naboar i aust, for øvrig kjende for ullgensarar, vottar og andre varme ting, dessutan nydeleg kormusikk, samt ropedama over alle ropedamer, Samanta Tīna. Estland har levert ESC-skattar tidlegare, men Litauen har vakse fram som den neste store aktøren i dette området - kven leverer i år, og kven gjer ikkje?

Še sells sea šells by the sea šore
Ei episode som har hatt ein uvanleg lang redigeringsfase! I dag: tre land av forskjellig karakter, men med same forbokstav igjen! Konspirasjonsteori, gamle nyhende og blindt raseri er ingrediensar når vi tek turen innom San Marino, Slovenia og Spania. Episoden er tatt opp for ei veke sidan, og mykje har skjedd sidan då. Слава Україні! Героям слава!

Iii!
Tredje episode, III, tre i-ar. No er vi i gang! Frå aggressiv irsk pønkpop via billig israelsk realitymusikk til nok eit italiensk bidrag som kjem til å blåse mange konkurrentar av banen - her er noko både for dei med og dei utan smak. Pluss ein gjesteopptreden med religiøse svindelforsøk frå middelalderen og Hanne som les opp 60 bidrag i rekkefølge.

Melodi? Grand? Men Prix blir det i alle fall.
Altså, surmaga har vi vel alltid vore, men i år er det vel ikkje berre oss, eller? Er dette bra nok, NRK?

Early Bloomers
Nytt år, ny sesong, nye bidrag, nye segment! Lars driv og blandar presto og molto allegro som ein annan amatør, og Hanne lærer bort picolissimo italiensk. I denne episoden går vi gjennom dei tre første og hittil einaste bidraga til den internasjonale finalen: Intelligent Music Project frå Bulgaria med songen Intention, DOMI frå Tsjekkia med songen Lights Off, og Ronela Hajati frå Albania med Sekret. Er standarden for årets ESC høg eller lav, korleis blir dette? Har vi allereie funne årets vinnar? (Nei.)

Eurovision Song Contest 2021: Debrief
Bli med på ein lett og ledig peisprat om årets ESC-veke og våre reaksjonar.

Bulgaria 2021: VICTORIA - growing up is getting old
Siste song ut i år (i vår tilfeldige rekkefølge) er ei dame utan respekt for store og små bokstavar og deira plass i konvensjonell ortografi. Men ho er desto meir GenX! Lars burde vere glad for at ballader er in, men desse nymotens balladene, er dei noko tess? Dessutan debuterer 12 Poeng med damekorrepertoaret sitt. Hugs å sende inn din profeti for årets topp 26 til podcast@12poeng.no innan 17. mai klokka 21!

Portugal 2021: The Black Mamba - Love is on My Side
Portugal har tradisjonelt levert tradisjonelle portugisiske greier på portugisisk, og så sender dei altså sitt aller første heil-engelske bidrag i år. Med tekstinspirasjon frå ein nederlandsk sex-arbeidar. Wowza. Og til Hanne si store glede viser det seg at Lars produserer ei overtydande Macy Gray-etterlikning. Vi seier dessutan takk for i år til Kanne Kalse, takk for samarbeidet så langt og velkomen attende til henne.

Romania 2021: Roxen - Amnesia
Stemmer det at dette ikkje er første gongen vi brukar ein ikkje ubetydeleg del av podcasten til å snakke om den kortliva såpeserien Sunset Beach utan grunn? Føler det har skjedd før. Og Hanne har litt problem medd å skilje mellom Billy og Stomperud, noko som heller ikkje har så mykje med det rumenske bidraget å gjere. Kan det vere at bidraget ikkje stimulerer til sakleg samtale, eller ligg problemet hjå programleiarane?

Storbritannia 2021: James Newman - Embers
Men kvifor er United Kingdom og Great Britain begge oversett med Storbritannia?!

Russland 2021: Manizha - Russian Woman (Русская женщина)

Australia 2021: Montaigne - Technicolour
Den n-te 2020-artisten i årets finale sender noko ganske anna enn i fjor, og Hanne endeleg får den glimen i augo som antyder meir enn seks poeng. Men held det til toppscore? Pluss alle dei australske klisjeane framført med utruleg lite overtyding, sjølvsagt.

Sverige 2021: Tusse - Voices
Eks-mannen vår austanfor har surfa på ei årelang topp 10-bølge, og leverer årvisst glatte og lettlikandes låter som lurer seg inn i dei europeiske juryhjarte, men dei siste åra har tendensen vore svært låge publikumspoeng. Har vi som publikum fått nok av låtskrivarteam på storleik med ein middels ungdomsskule, og hjelper det å sende ein sjarmerande russ med underdog-historie når låta er så... svensk? Vi får sjå.

Nederland 2021: Jeangu Macrooy - Birth Of A New Age
Vi skal til vertsnasjonen, som tradisjonelt nok ligg i nedre del av bettinglistene, men fortener dei pes i år? Lars er forkjøla, så episoden er litt forseinka, og de får dessutan gleden av å høyre han slafse på ein Fribol. Neida. Det måtte klippast ut, så episoden er endå meir forseinka. Helsingvis er Hanne og Kanne i betre form, så vi får siste nytt pluss vill gjetting rundt beliggenheita til Surinam.

Slovenia 2021: Ana Soklič - Amen
Årets andre Amen kjem frå landet som har gitt oss klassikarane Sebi, Energy og Hvala, Ne!, men kan Ana måle seg med desse? Har gospel ein plass i ESC? Kjem Vasil til å grine av si eiga framføring av Here I Stand? (Garantert!) Bli med dine favoritt ESC-nesten-nerdar til Slovenia og omegn!

Israel 2021: Eden Alene (עדן אלנה) - Set Me Free
Kan det å omsetje ein song frå morsmål til engelsk samt fjerning av ein modulasjon i det heile tatt kallast ein revamp? Vil Eden greie ESC-historiens høgste tone? Kvar er Kanne Kalse to tredelar av tida? Kvifor alltid Simon Cowell? Velkomen til ei episode der tråden ikkje blir halden og vi tråkkar i mange politiske salatar, som tradisjonen er når turen kjem til Israel.

Hellas 2021: Stefania - Last Dance
Greier vi å presse inn ein Finn Schau-referanse i ein podcast om årets greske bidrag? Den som høyrer får... høyre! Og Kanne Kalse er ute av karantene igjen, så ver budd på siste nytt.

Sveits 2021: Gjon's Tears - Tout l'univers
Ein av mange andra chansen-artistar i år diskar opp med nok ein ballade større enn livet sjølv. Like stor som heile universet! Bli med på ei reise gjennom heile ESC-historia gjennom gleder og (dei siste 20 åra stort sett) sorger for konkurransens O. G. vinnar Sveits. Og kos deg med vår franskkompetanse som er, i mangel av betre skildringar, tres bien.

Island 2021: Daði og Gagnamagnið - 10 Years
Island sender ei to meter høg hipster som er glad i kona si og ungane sine, og det er ein god idé, for no ligg dei dæsken døtte oss heilt oppe i oddstoppen for andre år på rad. Får vi høyre årets vinnar og Islands første førsteplass i dag?

Austerrike 2021: Vincent Bueno - Alive
Mykje bra kjem frå Austerrike - Kommisar Rex, vals og etternamn med to konsonantar på slutten, for eksempel. Og Vincent er jo bueno, eller? Vi dykkar meir ned i det musikkteoretiske i dag, er det eit format vi burde gå vidare med? Lars er Udo, Hannelore er Liesl.

Aserbajdsjan 2021: Efendi - Mata Hari
Kva diskar dəi opp məd i år, dəssə asərbajdsjanaranə, som alltid har əin svənskə på lur og ər passələg ətniskə på əngəlsk? Å, dəi stillər məd samə song som i fjor? Spanandə!

Italia 2021: Måneskin - ZITTI E BUONI
Pastaen og mafiaen sitt heimland sender rock i år, og Europa seier tradisjonelt Italija. Blir dette eitt av få Italinei i styrkeoppvisninga som har vore dei ti siste åra? Pluss, kvar er eigentleg Kanne frå, og kvar er ho når ho ikkje sender frå 12P sitt nyheitsstudio?

Belgia 2021: Hooverphonic - The Wrong Place
Vi lærer mykje i denne episoden både om trip-hop og dagen derpå, men det mest sjokkerande er at i Flandern kallar dei brus "PREK".

Tsjekkia 2021: Benny Cristo - Omaga
Lars har slipt den skarpe tunga si og Hanne imponerer med uventa tsjekkiske replikkar i aust og vest, eller, berre aust blir det vel. Tsjekkia leverer ung og frisk musikk, er det FOR ungt og frisk for eit aldrande podcastvertskapspar?

Noreg 2021: TIX - Fallen Angel
Heimekamp! Lars kjenner seg ekstra generøs og Hanne avslører mistenkjeleg djuptgåande kjennskap til Paradise Hotel. Og Kanne Kalse kjem med gode nyhende frå Rotterdam Ahoy!

Latvia 2021: Samanta Tīna - The Moon Is Rising
THE REEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEED...
Klar for litt god gammaldags ropedame? Leit ikkje lenger, her er ein stor porsjon.

Estland 2021: Uku Suviste - The Lucky One
Vi fortset turneen i det sentrale nordaust-Europa og landar i dag i Estland, songens og strikkekunstens land. All grunn til å vere positiv altså! Men greier dei å leve opp til klassikarar som Rändajad og Kuula i år? Og held det å heite noko Åge-liknande for at Hanne skal like songen din?

Polen 2021: Rafał - The Ride
Den polske ESC-historia toppa seg tidleg og har vore jamnt under middels ei stund. Kan årets bidrag løfte landet opp frå den evige 17.-plassens dal? Også i denne episoda: Kanne Kalse viser seg å ha fleire sider enn vi trudde.

San Marino 2021: Senhit ft. Flo Rida - Adrenalina
"Ntåå, dei er no søte" plar vere reaksjonen til resten av Europa kvar gong San Marino slepp ESC-bidraget sitt. I år, derimot, var det mange som fekk seg ei overrasking, for sammarineserane er svoltne på finaleplass og topp 10-plassering. Hanne blir kursa i Ramazotti-stemme og kjem med endringsforslag, men denne gongen til vårt eige format.

Malta 2021: Destiny - Je Me Casse
Vi prøver oss på maltesisk, det går dårleg. Ikkje bruk oss som maltesisk-kurs. Malta prøver seg på seier i år, mange veddemålsekspertar held det for sannsynleg. Kva seier ekspertane i 12 Poeng?

Serbia 2021: Hurricane - Loco Loco
Det viser seg gang på gang at Lars berre delvis veit forskjellen på OL og fotball-VM. Hanne kjem med stadige reformasjonsidear til ESC-formatet, nokre dårlegare enn andre, og har bihuler som ikkje spelar på lag med hjernen i dag. Og så snakkar vi om Serbia sitt bidrag. Ikkje så mykje, kanskje, men meir enn det fortener, kanskje.

Nord-Makedonia 2021: Vasil Garvanliev - Here I Stand
Korleis få ei lang episode om deg sjølv i 12 Poeng? 1) Skriv din eigen Wikipediaartikkel og ikkje spar på detaljane. 2) Lag ein song som, skal vi seie det slik, vekker sterke kjensler. NB: Språket i denne episoden ber preg av ein lang kveld med opptak og er NSFW. (Og manglar kanskje noko av nyansen de er vane med frå oss...)

Moldova 2021: Natalia Gordienko - Sugar
Ein suggererande song frå Moldova i år, og den mest sexy sendinga av 12 Poeng på lenge, kanskje nokonsinne! Se bildene! I hovudet ditt, dette er ein podcast.

Georgia 2021: Tornike Kipiani (თორნიკე ყიფიანი) - You
Hanne er litt av ein spøkefugl i dag (også)! Korleis trur de Lars reagerer? Og kva med Georgia, då, dei som alltid sender noko annleis og spanande, kva har dei funne fram til oss i år? Litt sånn lotto med land som liker å skilje seg ut... Pluss sjokkerande nyhende frå Europas (mellombels) siste diktatur, Kviterussland.

Kroatia 2021: Albina - Tick Tock
Bli med Hanne og Lars både inn i ein draum og ut på ein jomfrutur!

Danmark 2021: Fyr og Flamme - Øve os på hinanden
I god dansk stil er det feststemning i 12 poeng i dag. Her snakkar vi klassisk Grand Prix med glitterjakke og heile pakka, men er det det vi vil ha? Tradisjonen tru leverer vi også avskyeleg dårlege parodiar på språk. Ja, men du veit kva du får no etter alle desse episodene, og det er faktisk ikkje vår feil at du trykte play.

Irland 2021: Lesley Roy - Maps
Trudde du at vi var ferdige med kleine aksentar etter episoden om Frankrike? ÅNEIDA, her kjem det meir! Vi skal til smaragdøya og Eurovisionnasjonen Irland, og førebu øyregangane på våre vakre røyster i song, tale og irsk-ish herming.

Finland 2021: Blind Channel - Dark Side
Vi kan tilrå, viss du har lyst til å føle at du går i første klasse på Form og farge men ikkje har innflytelse over CD-spelaren på tegnesalen, å høyre på årets finske bidrag. Eller viss du har eit generelt ønske om å føle at det verste med årtusenskiftet er tilbake. Spoiler alert: Vi er ikkje begeistra.
Følg 12 Poeng på Facebook: https://www.facebook.com/12poeng/
Eller Instagram: https://www.instagram.com/12poeng/
Og hugs å abonnere i din podcastspelar så dei siste episodene kjem direkte til ditt høyreapparat: https://anchor.fm/s/9dbc26c/podcast/rss

Spania 2021: Blas Cantó - Voy a quedarme
Morsmålpoeng ja, velproposjonerte trekk ja, bra falsett ja, men held dette for den lengsttapande nasjonen i Europa? Bør Spania setje inn eit ekstra gir snart, eller er 62+ år mellom kvar siger greitt nok for eit land som ikkje treng å delta i semifinaler? 12 Poeng tør å stille dei vanskelege spørsmåla. Og snakke dei vanskelege språka.

Ukraina 2021: Go_A - Шум
Vi blir litt forvirra rundt namn, band og songar frå austeuropa. Pali się = Hvala, ne! = Соловей? 2018 = 2019 = 2020? Kva vart avlyst? Kven deltok? Kvar var dei frå?
Følg 12 Poeng på Facebook: https://www.facebook.com/12poeng/
Eller Instagram: https://www.instagram.com/12poeng/
Og hugs å abonnere i din podcastspelar så dei siste episodene kjem direkte til ditt høyreapparat: https://anchor.fm/s/9dbc26c/podcast/rss

Litauen 2021: The Roop - Discoteque
Følg 12 Poeng på Facebook: https://www.facebook.com/12poeng/
Eller Instagram: https://www.instagram.com/12poeng/
Og hugs å abonnere i din podcastspelar så dei siste episodene kjem direkte til ditt høyreapparat: https://anchor.fm/s/9dbc26c/podcast/rss
Kva song er det eigentleg denne minner oss om? Lars er rekonvalesent etter sin første koronatest (som var negativ, slapp av, denne podcasten er smittefri) og vi møter den første reelle konkurrenten i år: Baltikums attpåklatt Litauen og fjorårets vinnarhåp The Roop. Drikkeleik: Ta ein shot kvar gong Hanne seier "kult" i denne episoden. Nei, ikkje gjer det, vi er ikkje økonomisk, juridisk eller moralsk ansvarlege for det.

Frankrike 2021: Barbara Pravi - Voilà
Håper de liker dårleg fransk aksent! Her får de både ein og to porsjonar anten de vil eller ei. Og denne gongen faktisk litt ferske nyhende til dykk, og som "ekte" trønderar er vi så og seie åleine om å like barten. Special appearance by Rein Alexander.

Tyskland 2021: Jendrik - I Don't Feel Hate
"Overraskande" nok har vi også denne gongen mykje å seie på artistnamnet - Tyskerane har i år tydelegvis sendt ein artist frå Moltustranda. Hanne har meiningar om nasjonale finaler. Lars er så og seie Justin Timberlake.

Kypros 2021: Elena Tsagrinou - El Diablo
Vi mimrar over bryllaupsreisa til Kopar-øya, dreg ein god del overtydelege parallellar til Lady Gaga og undrar oss over at alle kypriotar heiter Eleni, tydelegvis. Og viss du lurte er Hanne IKKJE ferdig med Tix-kontroversen.

Albania 2021: Anxhela Peristeri - Karma

MGP 2021 Oppsummering
Vi blir kjent med det siste finalebidraget i år og diskuterer om Dagsnytt 18-formatet er noko som vurderast også til den internasjonale finalen. Billig! Dette blir den siste episoden om norsk MGP for i år, gjer dykk klare for å bli kjente med utlendingane!

MGP 2021 delfinale 5
12 poeng kan avsløre etter grundige undersøkingar at Carina Dahl ≠ Steinar Albrigtsen. Dessutan går vi vidare i føljetongen om Telemark og Grenland. Spanande greier. Og for første gong litt jazzprat, det var på tide... Skal tru om desse delfinalene er ferdige snart?

MGP 2021 delfinale 4
Diskusjonen går frå norske komiseriar via Grenland til Rune Rudberg sin tiss. Journalistikk på sedvanleg høgt niveau frå 12 poeng denne veka, fire nye semifinalistar og ei lokal finaleklar dame. Dette er grunnen til at vi tener dei ingen pengane på dette!

MGP 2021 delfinale 3
Ein kan no seie så mangt om årets MGP, og det gjer vi jo, men at botnpunkta er låge i år er det ingen tvil om. Lat oss samle oss rundt det denne veka, og bruke det som eit møtepunkt for å utvikle samhald og forståing i det norske folk.

MGP 2021 delfinale 2
Gjensyn med ein (veldig) gammal kjenning, og møte med ein ny venn. Gjensyn med tre unge kjenningar og jammen ein kjenning til, nei dette var triveleg! Og kosestund i koselegaste laget. Te. Ullgensar. Hettegensar i mange fargar. Wow.

MGP 2021 delfinale 1
Lars har gløymt korleis ein snakkar. Ver budd på nærare ein time med frasene "kva skal ein seie" og "det kan ein seie". Hanne har gløymt korleis ein ler, men prøver seg likevel fleire gongar i løpet av denne første episoden i sesong 3 av 12 poeng. Ver budd på røykedamelatter av høg kvalitet og ein god del ufortent negativitet retta mot dei fire første artistane i MGP 2021. Vel møtt tilbake!

The Grand Final Part 2: Voting
Finally: The 41 jurors get their say in who will win the 12 Poeng Inaugural and Hopefully Last Makeshift Replacement Contest Audio Only Version 2020! And a very special guest, completing our great Norwegian Legends Interval Act Triad. Enjoy!

The Grand Final Part 1: The Songs
Stand (or sit, whatever suits you better, really) in awe before our great knowledge of European geography and the length of our podcast episodes! We take on each and every song of the big final, thus creating a perfect and judgy atmosphere for you to disagree with! Also up for discussion, apparently, is the location of several countries and oceans.

Semi Final 2 of The 2020 Grand 12 Poeng Special Replacement Extravaganza
10 more countries must through to the Grand Final, and the road ends here for 8 songs. Which will be which? We bring, as always, our mostly unfounded opinions and heavy Norwegian accents. Now with even less research!

Semi Final 1 of The 2020 Grand 12 Poeng Special Replacement Extravaganza

Ukraina 2020
Vi ynskjer vår gamle ven og nye podcasttema Ukraina tilbake til konkurransen med fleire nittitalsreferanser, meir eller mindre planlagde songinnslag og utruleg dårlege vitsar.

Belgia 2020
Sjangerfest med 90-talstema inspirert av ein song som tek oss både opp og ned - dette er Belgia i år. Lars får sjansen til å namedroppe halv-obskure walisiske band og Hanne minnest vår kjære dreadlock-pupp Rona.

Frankrike 2020
Dette nydelege dropset frå Frankrike har det kanskje meir i fjeset enn i halsen, men med god svenskehjelp og rikelege modulasjonar må det jo bli ein innertiar, eller? Hanne og Lars viser sine skjønnheitshatande sanne ansikt og laderer stakkars Tom i eit solid kvarter berre fordi han er dødspen. Eller ligg det meir bak? Følg med og sjå.

Litauen 2020
I ei av våre meir friassosiative episoder er vi innom det meste, frå The Julekalender til den gongen vi ufrivillig øydela karrieren til eit lovande danseband. Alt dette dannar ramma rundt Litauen sitt beste forsøk i ESC på... vel, alltid, kanskje?

Norge 2020
Ei internasjonal superstjerne, ein tidlegare topp 10-finalist i ESC og ein knakande god vokalist har skrive den norske songen i år. Er dette oppskrifta på suksess, eller gjorde stemmerotet i MGP at det blir umogleg for Norge å hevde seg internasjonalt?

Armenia 2020
Hanne skulle ønske at Lars var freestylerappar. Lars skulle ønske han var litt meir prinsippfast. Athena skulle ønske ho var Beyoncé, men alle kan ikkje få viljen sin heile tida.

Jahn Teigen til minne
Vi prøver på vårt fattige vis å oppsummere og samanfatte karrieren til den største norske MGP-artisten gjennom tidene. Vi ser på alle bidraga til Jahn Teigen og minnest ei kjempe i norsk musikkliv.

Italia 2020
*Tilbodet inkluderer innbarka misogynistisk kultur samt ein god del høgreekstremisme!

Latvia 2020
Kva får du viss du klistrar godterilepper på ei ung Anastacia og skrur volumet til maks samt tida tilbake åtte år? Svaret får du i dagens 12 poeng!

Australia 2020
Blått hår... Kva blir det neste?

Tsjekkia 2020
Hanne avslører sin mørke fortid som karatestjerne og Lars avslører løyndomen bak sin imponerande fysikk. Og Tsjekkia har hatt Tidenes Mest Kompliserte nasjonale finale. Klar for litt angolesisk pop? Here we go!

Spania 2020
Spania har internutvalgt eit drops av ein mann til årets ESC (lurt), og slepp deretter songen på TikTok (ikkje lurt, det var jo berre flaks at nokon over 14 fekk det med seg). Er Universo bra, eller har Blas Cantó det berre i eksteriøret? Følg med for å få svaret. Spoiler alert: Usemje internt i 12 poeng om kvaliteten på låta! Kven trur du seier bu og kven seier puh?

Albania 2020
Vi startar for alvor på 2020-sesongen med eit ganske typisk bidrag frå Albania: Ropedame i lakk og lær. Det ryktast at songen skal omsetjast til engelsk, så sans mormålspoeng, er det då noko positivt å seie om Arilena?

MGP 2020 Delfinale 5: Nord-Norge
Lars byrjar bli trøytt av det som har vist seg å vere ein underveldande MGP-sesong, medan Hanne heltemodig prøver å sjå det positive i "melodiane" frå Nord-Norge.

MGP 2020 Delfinale 4: Vestlandet
Vi ynskjer vår første gjest velkommen til 12 poeng og snakkar om nok ei delfinale i MGP 2020. Er denne litt meir nyskapande enn dei førre tre? Hugs å kome med tilbakemeldingar til podcast@12poeng.no eller i talepostkassen vår på https://anchor.fm/12poeng/message

MGP 2020 Delfinale 3: Midt-Norge
Det er utfordrande å vere vittige podcastvertar med glimt i augo og friske fråspark når det vi har å jobbe med er så inderleg middels. Høyr oss mjaae og njooe oss gjennom dei fire bidraga frå Trøndelagsområdet, akkopagnert av hylande kattar og grinande ungar og send oss gjerne svar på spørsmålet "Kvar finn Sie Gubba kleda sine?"
Det er forresten lov å skrive til oss med ris, ros og elles det ein måtte ynskje: podcast(a)12poeng.no

MGP 2020 Delfinale 2: Østlandet
Til Østerland vill jag fara
Där bor allra kärestan min
Men det jag inte förtält dig
det er att han heter Rein.
PS: Vi jobbar med lydkvaliteten, og veit at han framleis er suboptimal.

MGP 2020 Delfinale 1: Sør-Norge
Velkommen tilbake til 12 Poeng og denne noko underproduserte hastig laga episoden. Vi skuldar på NRK som PLUTSELEG SKULLE HA MGP I JANUAR og det utan å spesifikt åtvare Noregs beste, fremste og eldste ESC-podcast.
12 Poeng kjem no med enda betre lydkvalitet, men det virtuelle miksebordet vårt har dessverre kutta oss litt av i starten av setningane av og til. Ha tålmod med oss amatørar, det kjem seg etterkvart.

Lugano 1956

Bonusepisode: Avreagering 2019

Miniepisode: Aserbajdsjan 2019

Miniepisode: Nord-Makedonia 2019

Bonus: Reaksjon første semifinale 2019

Miniepisode: Nederland 2019

Miniepisode: Noreg 2019

Miniepisode: Albania 2019

Miniepisode: Russland 2019

Miniepisode: Litauen 2019

Miniepisode: Malta 2019 🇲🇹

Miniepisode: Kroatia 2019

Miniepisode: Austerrike 2019

Miniepisode: Sverige 2019

Miniepisode: Danmark 2019

Miniepisode: Romania 2019

Miniepisode: Latvia 2019

Miniepisode: Sveits 2019

Miniepisode: Moldova 2019

Miniepisode: Irland 2019

Miniepisode: Armenia 2019

Miniepisode: Tyskland 2019

Miniepisode: Storbritannia 2019

Miniepisode: Italia 2019

Miniepisode: Spania 2019

Miniepisode: Israel 2019

Miniepisode: Frankrike 2019

Miniepisode: San Marino 2019

Miniepisode: Hellas 2019

Miniepisode: Portugal 2019

Miniepisode: Estland 2019

Miniepisode: Island 2019

Miniepisode: Australia 2019

Miniepisode: Georgia 2019

Miniepisode: Belgia 2019

Miniepisode: Tsjekkia 2019

Miniepisode: Polen 2019

Miniepisode: Serbia 2019

Miniepisode: Ungarn 2019

Miniepisode: Finland 2019

Miniepisode: Montenegro 2019

Miniepisode: Slovenia 2019 \uD83C\uDDF8\uD83C\uDDEE

Miniepisode: Kypros 2019 \uD83C\uDDE8\uD83C\uDDFE

Miniepisode: Kviterussland 2019
