
Bok & bibliotek
By Bok & bibliotek

Bok & bibliotekOct 14, 2022

Bibliotekleiarsamtalen 2023: For mange drivkrefter?
– Sinne er ei potensiell sterk drivkraft når du sit som biblioteksjef og ser så tydeleg potensialet til kva som kunne vore. Du ser så tydeleg kva ideen om folkebiblioteket kan levera, og så sit du der med knappar og glansbilete og kan ikkje gjera nokon ting og ser sjansane gå deg forbi. Då er sinne ei sterk drivkraft for å få den merksemda som trengs.
Sitatet er av biblioteksjef i Haugesund Siri Vikse frå 19. oktober, sagt i bibliotekleiarsamtalen under Biblioteklederkonferansen 2023. Og det er den samtalen du får høyra i denne episoden. Temaet var «For mye av det gode, eller for mange drivkrefter?». I ein samtale om kor vidt dagens bibliotek gapar over for mykje kjem altså Vikse med eit hjartesukk om alt ho ser biblioteket kunne vore men som det ikkje er ressursar til. Det høyrer med til forteljinga at Haugesund bibliotek nyleg blei tildelt pris som «Årets utvidar» av Norsk publikumsutvikling.
Temaet for Biblioteklederkonferansen i år var «Drivkraft», og bibliotekleiarsamtalen problematiserte den store porteføljen av oppgåver dagens bibliotek potensielt kan ta på seg. Kan det bli for mange drivkrefter inn, for mykje som skal koordinerast og administrerast? Kan eit breitt og inkluderande tilbod koma i vegen for kjerneoppgåvene? Står vi i fare for å mista bøkene?
I tillegg til Siri Vikse frå Haugesund, besto panelet av biblioteksjef Sølvi Tellefsen frå biblioteket på Lillestrøm og årets kulturkommune 2023, og Henriette Stoltz frå Skien, ein av to andre kommunar som var nominerte til Årets kulturkommune saman med Lillestrøm. Stoltz sit også i NB sitt strategiske råd og er biblioteksjef i byen som nærmar seg innspurten på eit digert løft med å få på plass nytt bibliotek og masse anna fram mot feiring av den ikkje ubetydelege Skiensguten Henrik Ibsen sitt 200-årsjubileum i 2028.
Saman med samtaleleiar og tidlegare biblioteksjef ved Stormen bibliotek i Bodø, Trud Berg, deler dei tre både smarte økonomitriks og råd om korleis ein kan navigerer klokt i kommunale system.
Trud Berg jobbar i dag i lakseoppdrettsbransjen, i eit firma som heiter NovaSea, og det er litt viktig å få med for at det skal skjøna eit par av kommentarane som kjem undervegs i samtalen.
Om du likar episoden set vi pris på all god omtale og deling (så skamlaus må ein dessverre vera i merksemdsøkonomiens tidsalder)!

Åh, Elisabeth Strout! Åh, livet!
For ei tid tilbake fekk redaksjonen ein e-post frå dåverande biblioteksjef i Enebakk Oddmund Kårevik. Med begeistring fortalte han om eit arrangement dei hadde på tapetet der i bygda.
Temaet var forfattarskapen til Elisabeth Strout. Deltakarane var omsettarane Tove Bakke og Hilde Rød-Larsen, og Oddmund sjølv. Den første er entusiastisk lesar av bøkene til Strout. Den andre er den som har kledd den amerikanske forfattaren sine åtte romanar i norsk språkdrakt. Saman ville dei tre prøva å finna ut kva det er med bøkene til Strout. Kva er det som gjer dei så spesielt gode? Kvifor blir vi likesom ikkje ferdig med dei? Og korleis er det å omsetta bøkene
Kunne dette vera noko for Podkasten Bok & bibliotek, spurte Oddmund? Takk vera initiativet frå Enebakk får de no tilgang til ein livleg og ivrig litteratursamtale frå eit norsk bibliotek om gleda ved å ha ein favorittforfattar, verdas verste svigermor, HBO-serien Olive Kiteridge og lysta til å stryka unødvendige setningar i bøkene til ein Pulitzer-vinnande og Booker-nominert forfattar. Du får høyra språkkunnige personar i samtala om nyansane i eit språk og mellom språk, om det knausgårdske Åh! som er lov på nynorsk, og kanskje også snart på bokmål, og om alle tinga vi gjer for å halda det gapande mørket i tilværet på avstand.
Som om ikkje det er nok, kjem det også ein sensursituasjon tidleg i episoden som viser i praksis at det har større verdi å møtast på biblioteket enn å høyra på podkast. Det er noko med elefantane som ikkje kjem heilt ut. Men som så ofte i livet finst det finst glede og kunnskap også i det nest beste. Og det får du altså her, i Podkasten Bok & bibliotek.
Arrangementet, som gjekk føre seg torsdag den 12. oktober i år, blei støtta av Norsk oversetterforening og var ein del av Nedre Romerikes litteraturfestival «Litt av en fest» som er støtta av Viken Fylkesbibliotek.
Elizabeth Strout (f.1956) er ein amerikansk skribent og romanforfattar, busett i New York og Maine. Ho debuterte i 1998 med romanen Amy and Isabelle og har til saman gitt ut åtte romanar. Det store internasjonale gjennombrotet hennar kom med Olive Kitteridge (2015), som vann Pulitzer-prisen for beste roman i 2009. Romanen toppa The New York Times si bestseljarliste og vart seinare tilpassa som ein kritikarrosta miniserie, som vann fleire Emmy-prisar.
Den første boka om Lucy Barton, Eg heiter Lucy Barton (2016), vart nominert til Booker-prisen i 2016, toppa The New York Times si bestseljarliste og høsta strålande kritikkar internasjonalt. Lucy Barton vart seinare hovudkarakteren også i romanane Kva som helst er mogleg (2017), Åh, William (2022) og Lucy ved havet (2023).
Foto: Tone Gautefald Tveit, Ragnar Hovland og Tine Poppe

Kvardagsmakt i arkiv, bibliotek og museum
Har du makt? Makt er eit av desse orda der vi aldri kjem til å einast om ein endeleg definisjon, men nynorskordboka seier det sånn: "Makt er det å kunne bestemme over andre eller kunne styre ei utvikling." Om vi legg denne definisjonen til grunn er det mykje makt i norske bibliotek, arkiv og museum.
Under Kulturytring i Drammen i juni arrangerte Bok & bibliotek ein scenesamtale saman med søstertidsskrifta våre Aksess og Museum som vi kalla: «Hva skal vi huske, og hva skal vi glemme? En samtale om hverdagsmakt i arkiv, bibliotek og museum».
ABM-sektoren – altså arkiv, bibliotek og museum – er hugs og samvit for fellesskapen, skreiv vi i programteksten. Kvar dag tek tilsette små og store val som påverkar kva framtida vil veta, det som blir ståande som forteljinga om oss. Dei vel ut, løftar fram og tek vare på dokument og litteratur, ting og tankar.
Mangeårig NRK-journalist og kulturkommentator Agnes Moxnes leia samtalen, og panelet besto av førstekonservator ANDERS BETTUM ved Interkulturelt Museum i Oslo, ANETTE KURE, biblioteksjef i Sarpsborg. ANN TOVE MANSHAUS, rådgjevar i Vestfoldarkivet og koordinator for privatarkiv i Buskerud. MICHELLE A. TISDEL, forskar og spesialbibliotekar ved Nasjonalbiblioteket og styreleiar for foreininga INN – Etniske minoriteter i norsk kulturliv, og SILJE DRAGSUND AASE, leiar for Misjons- og diakoniarkivet ved VID vitenskapelige høgskole i Stavanger.
Ein stor gjeng fant veg til Drammensbiblioteket for å høyra på desse tidleg på dagen 21. juni i år. Fleire interessante perspektiv blei løfta fram, og vi som arrangerte fekk tilbakemelding etterpå om at folk opplevde omgrepet kvardagsmakt og refleksjonen rundt utøving av denne som ny og fruktbar. Ein scenesamtale er berre litt skraping i overflata. Eg håpar difor at du etter å ha høyrt episoden får fleire kollegar til å gjera det same, så kan de reflektera vidare i felleskap etterpå.
For å parafrasera onkelen til Spider Man: "With great everyday power comes great everyday responsibility".
Arrangementet vart støtta av Fritt ord og Norsk Tidsskriftforening.

Ted Granlund om campingvogner, frosenfisk og poesimagi
Velkomne til ein episode full av inkurier og spontane møter, der du først og fremst blir betre kjent med Ted Granlund, som ikkje er redd for å tulla med poesien.
Denne sjangeren kan avskrekka nokon kvar. Det er liksom så lett å tråkka feil. Det blir fort så mykje spleen og seriøsitet. Litt sånn må det kanskje vera, for skal poesien funka må lesaren eller lyttaren gjera seg open og sårbar og skapa med. Dei gongane den verkeleg når inn kan den gi livsendrande erfaringar. Men denne episoden viser konkret og vakkert korleis poesien også kan vera ein kvardagsleg ting som står og dirrar i spennet mellom rasisme, frosenfisk, historiske anekdotar, respatex, kjærleik, død og fjas – ein heilt vanleg dag i ei gamal campingvogn på torget i ein norsk småby.
Det begynte med at eg (Arne Olav Hageberg) gjekk nedover Kirkegata på Lillehammer under Norsk litteraturfestival og såg ein bil. Hæ? tenkte eg. Ein gamaldags kvit politibil, og med campingvogn? Så slo kognisjonen inn og eg såg at det sto POESI med store bokstavar på sida av bilen, ikkje POLITI. Dette måtte eg bare sjekka ut. Inni vogna møtte eg Theodor Martinius Granlund. Trivelegare kar skal du leita lenge etter. Han får alle rundt seg til å slappa av stilla seg opne for livet og poesien. Granlund er sjølv poet med ti utgitte bøker, og han og Poesibilen har formidla på heiltid for tusenvis av ungdommar i snart 20 år.
I tilleg til Ted, deltek ein namnlaus og kunnskapsrik pensjonert rektor frå gymnaset på Otta, biblioteksjefen på Løten Åsta Brenna, og filmprodusent og tidlegare sauebonde Gudrun Austli, som på sparket resiterer eit dikt av den svenske poeten Bodil Malmsten (1944–2016). Tittelen på diktet er «Nebraska Vällingby – alla törs inte bli amerikanska massmördare.»
Undervegs les også Ted Granlund to av sine eigne tekstar.
Opptaket blei gjort i ei campingvogn frå 1978, midt på Stortorget i Lillehammer ein solfylt føremiddag under Norsk Litteraturfestival 2023.
Dette er siste episode i i sesong to av Podkasten Bok & bibliotek. Hugs at det finst ein drøss fine forfattarsamtalar du kan høyra på om du søker opp Forfatteren & Favoritten i Podkastappen din, og så tar vi som alltid med glede imot innspel og idear, ris og ros på post@bokogbibliotek.no.

Informasjon om ei lita endring i podkasten
Informasjon om endringar i samarbeidet mellom Bok & bibliotek og Porsgrunn bibliotek om podkasten Forfatteren & Favoritten.

Politisk debatt om bibliotek: – Det viktigste kulturtilbudet!
Politisk debatt! Opptaket til denne episoden blei gjort onsdag 7. juni. Då inviterte Norsk Bibliotekforening til politisk debatt om bibliotek på Deichman Grünerløkka i Oslo med Omar Samy Gamal (SV, kulturbyråd i Oslo), Mari Rise Knutsen (R), Eili Vigestad Berge (V), Mehmet Kaan Inan (H), Maria Qureshi (AP), Robert Wright (KrF) og Morten Edvardsen (SP). Debattleiar var Arne Olav Hageberg (meg, hei!).
Oslo kommune har akkurat lagt fram ein justert bibliotekplan med lovnad om åtte nye bibliotek. SV-byråd Omar Samy Gamal har kalla biblioteka det viktigaste kulturtilbodet i byen. Dette gjentok han under debatten, og Mehmet Kaan Inan frå høgre hevda seg einig og lova like god satsing og større innkjøpsbudsjett til skulebiblioteka. Altså klare lovnadar om utvikling og vilje til å sjå på dei økonomiske rammene. Så det er bare å henta fram fysisk, mental eller digital blokk og papir og notera.
Innhaldet er relevant også utanfor Oslo. Kanskje kan du tipsa din lokale kulturpolitikar om å ta ein lytt, for forståelsen av kva biblioteka gjer og betyr er nok ulikt fordelt i landet.
Til sist kom det fleire interessante innspel frå salen, mellom anna om den prekære bemannings- og arbeidstidssituasjonen som tilsette opplever å stå i.
Først av alt framfører Selma Benmalek sin eigen tekst «Jeg jobber på bibliotek», som var med å ramma inn og realitetsorientera debatten. Selma jobbar som programkonsulent ved Deichman og er leiar i Norsk Bibliotekforening Oslo.

Joda, vi leser! Scenesamtale med Kari Spjeldnæs, Mohamed Abdi, Rikke Neverdal og Helene Voldner
Er det noko bibliotektilsette veit, så er det at ikkje alle har latt seg forføra fullstendig av TV-seriane og sosiale medium, anten dei er vaksne damer, ungar eller BookTock-arar. Kva treng desse lesarane av oss som jobbar med formidling av litteratur? Kva betyr det å vera ein lesar, og korleis blir ein det, eller korleis får ein andre til å bli det?
Spørsmåla blei stilte av Fylkesbiblioteket i Innlandet og Norsk Bibliotekforening under ein scenesamtale på Norsk Litteaturfestival på Lillehammer torsdag den 25. mai, og som du får høyra i denne episoden.
Helene Voldner, nestleiar i Norsk Bibliotekforening og bibliotekarbeidar ved Deichman i Oslo, leier samtalen. Med seg på scenen har ho BookTockar Rikke Neverdal, lærar, skribent og samfunnsdebattant Mohamed Abdi og leseforskar Kari Spjeldnæs.
Ta gjerne kontakt på post@bokogbiblitoek.no med ris og ros, med idear og innspel, eller om det bare er noko du vil lufta eller diskutera.

Mímir Kristjánsson om intellektuell orgasme, væpnet ran, skrivemuskler og hår på brystet
Stortingsrepresentanten og forfatteren av Mamma er trygda er månedens gjest i Forfatteren & Favoritten.
Hvor lang tid tok det fra Mímir avsluttet videregående i Stavanger til han flyttet til Oslo? Når fikk han hår på brystet og hvorfor er det viktig? Hvordan ble det kulehull i skoleveggen der han gikk? Hvorfor gikk han med shorts til jul? Hvorfor var mandagene mer minneverdige enn fredagene på vgs? Hva angrer han mest på at han ikke gjorde etter skoletida? Fikk Mímir venner av å si at han var "frankofil"? Er det å være stortingsrepresentant som alle andre jobber? Hvem er egentlig white trash i Norge? Hvorfor måtte Mímir bli voksen veldig fort? Hvilken "kjempeløyen", hyperlokal bok ble en nasjonal suksess? Hvordan ble en støvsuger verdens verste masseødeleggelsesvåpen? Hvilken bok var det som ga Mímir intellektuell orgasme, og hadde han blitt stortingsrepresentant uten den boka?
Pallen:
- Karl Marx og Friedrich Engels – Det kommunistiske manifest (1848)
- Graham Greene – Our Man in Havana / Vår mann i Havana (1958, overs. Peter Magnus, 1959)
- Tore Renberg – Mannen som elsket Yngve (2003)
Episoden ble spilt inn på Porsgrunn bibliotek 23.03.2023.
Programleder: Stian Omland
Teknikk og redigering: Marcus Patai
Musikk: Halvor Nordal Strand
Redaktør: Arne Olav Hageberg
Redaksjonsmedlem: Hanne Sandvik
Forfatteren & Favoritten er et samarbeid mellom tidsskriftet Bok & bibliotek og Porsgrunn bibliotek
Mímir Kristjánsson (f. 1986)
Utvalgte utgivelser:
- De superrike (sakprosa, voksen, 2011)
- Vestkanttroll: En røverroman (Roman, satire, voksen, 2016)
- Hva ville Gerhardsen gjort? (sakprosa, voksen, 2018)
- Mamma er trygda (sakprosa, voksen, 2019)
- Tranmæls metode (sakprosa, voksen, 2020)
- Jon Michelet: En folkets helt (Biografi, voksen, 2021)
Forfatteren & Favoritten er en månedlig bokpodkast der en forfatter forteller litt om sine egne bøker og, aller mest, om de tre bøkene som gjorde størst inntrykk på dem da de var mellom 15 og 20 år. Vi vil høre om bøkene, om hvorfor de er så bra, hva de har betydd og hvorfor mange flere bør lese dem i dag. F&F er et samarbeid mellom Porsgrunn bibliotek og tidsskriftet Bok & bibliotek.

Berømte bibliotekarer: Martha Larsen Jahn (1875-1954)
Øivind Frisvold sin tekst om Noregs første kvinne med bibliotekarutdanning Martha Larsen Jahn svingar innom viktige amerikanske bibliotekimpulsar rundt forrige århundreskifte, eit tidleg mønsterbibliotek for born og unge i Trondheim, opptakten til både FN og UNESCO, arkitekturstrid knytt til Universitetsbiblioteket i Oslo, der Nasjonalbiblioteket held hus i dag, Norske kvinners sanitetsforening, beredskap, verdskrig og opposisjon mot Gestapo. Ein bør bli litt audmjuk av å høyra om sånne som Martha Larsen Jahn.
Teksten blir lesen av Lena Barth Aarstad.
Besøk bokogbibliotek.no for å bli abonnent på papir, lesa nettsaker eller tidlegare utgåver digitalt. Ta kontakt på post@bokogbibliotek.no med ris og ros, om det er noko du vil lufta eller diskutera, eller for å senda inn stoff. Om du ikkje vil gå glipp av nye episodar, er det lurt å abonnera på podkasten vår. Vi høyrest!

Michael Stilson, forfatteren bak NRK-serien Beist, gjester Forfatteren & Favoritten
Da Michael Stilson gav ut sin første bok i 2018 kåret 1000 ungdommer den til årets beste. Bare spille ball mottok både Uprisen og Trollkrittet, og nå er den filmatisert i den blodferske serien Beist på NRK.
I bøkene sine utforsker tidligere fotballproff Michael Stilson hva som skjer når fotballen går fra å handle om drømmer, frihet, lek og moro, til også å bli noe annet. Han skriver om overgangen som skjer når du som 16–17 åring blir veid, og kanskje funnet for lett. Men selv for de som blir med videre, som hovedperson i Bare spille ball-serien Fredrik Markussen, sniker det seg inn et nytt alvor.
Michal Stilson spilte selv blant annet i OBOS-ligaen (norsk førstedivisjon) for Ranheim og Mjøndalen, og var også innom eliteserien med sistnevnte. Som ung fotballspiller var han med å vinne junior-NM for Rosenborg.
"Fotball, fotball, fotball." Slik karakteriserer han ungdomstida. Likevel fikk Michael lest noen bøker. De tre han har plassert på pallen for oss er fulle av følelser, handling og fremdrift.
Pallen:
1. Dan Brown - The DaVinci Kode (2003) / DaVinci-koden (2004)
2. Khaled Hosseini – The Kite Runner (2003) / Drageløperen (2006)
3. J.K. Rowling – Harry Potter-serien (1997–2007)
Episoden ble spilt inn i Skien og Grong 17.04.2023.
Programleder og redaktør: Arne Olav Hageberg
Teknikk og redigering: Marcus Patai og Arne Olav Hageberg
Musikk: Halvor Nordal Strand
Forfatteren & Favoritten er et samarbeid mellom tidsskriftet Bok & bibliotek og Porsgrunn bibliotek.
Michael Stilson (f. 1986)
Produksjon:
- Bare spille ball, Cappelen Damm (2018)
- Alene gjennom, Cappelen Damm (2020)
- Kampfikseren, Cappelen Damm (2021)
- Elastico (tegneserieroman), Ena forlag – sammen med illustratør Luis Guaragna (2021)

ABC for debattbiblioteket
Frå hysjing til demokratihus og mangfaldig møteplass, frå stillheit til lyd. Biblioteka er pålagde å setta problem under debatt. Men korleis gjer ein det i praksis?
Bibliotekdagene i Viken 8.-9. mars 2023 samla deltakarar frå alle krikar og krokar i megafylket til to dagar fulle av godt program. Tema var Demokrati, og ei av dei som gjorde ein veldig god figur på scenen var biblioteksjef Oda Cornelia Knudsen frå Kongsberg.
Poengtert og reflektert fortalde ho om korleis folkebiblioteket der i ti år har jobba med å forankra og utvikla debattarrangement gjennom konseptet Kongsbergdebatten. I denne episoden får du høyra foredraget innlese av ho sjølv, med mange konkrete tips og triks for debattbiblioteket.
I skrivande stund er det bare rundt eit halvt år til alle landets fylkesbibliotek, skulebibliotek og folkebibliotek får nye eigarar, med andre ord nye kommunestyrer og fylkesting. Alle sider av lokalpolitikken er sjølvsagt relevante for ein bibliotekdebatt. Og i denne episoden av Podkasten Bok & bibliotek får du både veta korleis du kan gjera det i praksis, og høyra gode argument for at biblioteka må ta denne rollen framover.
Om du vil veta meir om Bok & bibliotek så har vi sjølvsagt nettside. Der kan du abonnera, lesa tidlegare utgåver digitalt og senda inn stoff. Ta kontakt på post@bokogbibliotek.no med ris og ros, eller om det er noko du vil lufta eller diskutera – for eksempel idear til nye podkastepisodar.

Sara Hjardar er første tegneserieskaper i Forfatteren & Favoritten
Møt skaperen av Mia Myhr og de forsvunne barna i en morsom og frisk samtale med Stian Omland. 24 år gammel har Sara Hjardar allerede realisert drømmen om å leve av å være illustratør og forfatter. Hun forteller om fine og harde år på videregående, om å være ungdom og heller ville male enn å trekke frisk luft. Hva er det flaueste hun har gjort? På pallen hennes finnes det både manga, sjangeroverskridende dansk horror og velskrevet og utleverende oppvekstbiografi fra en ung amerikansk skuespiller.
Pallen:
- Inio Asano – Goodnight Punpun (2007-2013)
- Janne Teller – Ingenting (2000)
- Jenette McCurdy – I’m Glad My Mom Died (2022)
Episoden ble spilt inn på Porsgrunn bibliotek 11.02.2023.
Programleder: Stian Omland
Teknikk og redigering: Marcus Patai
Musikk: Halvor Nordal Strand
Redaktør: Arne Olav Lunde Hageberg
Redaksjonsmedlem: Hanne Sandvik
Forfatteren & Favoritten er et samarbeid mellom tidsskriftet Bok & bibliotek og Porsgrunn bibliotek.
Sara Hjardar (f. 1997)
Produksjon:
- Mia Myhr og barna som forsvant (grafisk roman, barn/ungdom, 2022)

Future Library
I denne episoden får du bli med inn i Future Library sitt underlege univers. Mykje er skrive og sagt om kunstnaren Katie Paterson sitt svimlande kunstprosjekt. Men likevel kan det vera vanskeleg å gripa. For kva er greia med manuskript av store forfattarar som ikkje skal publiserast på 100 år? Og kva har eit plantefelt i Nordmarka med litteratur å gjera? Alt det og meire til får du grundig forklart her. Ann-Mari Bugge sin tekst er lang og vandrande. Den gir innblikk i alle dei ti framtidsbibliotekforfattarane som til no er offentleggjorte, og eit par som kunne vore det. Og like mykje som ei slags innføring i Future Library er den eit innspel i den store samtalen om kunsten og litteraturen sin plass i livet til kvar og ein av oss. Det er bare å gi seg over.
Forfattaren Ann-Mari Bugge kallar seg sjølv ein slags litteraturvitar. Ho jobbar som frilansjournalist og timelærer i pedagogikk på Universitetet i Sørøst-Norge, og saman med Trine Solstad er ho aktuell med fagboka Seriøst? Om sakprosa for barn på Universitetsforlaget. Ho har litteraturvitskap, pedagogikk og engelsk i fagkretsen og er master i faglitterær skriving.
Future Library-forfattaren David Mitchel blei forresten intervjua i samarbeidspodkasten vår Forfatteren & Favoritten for litt sidan. Den episoden er også vel verdt å få med seg.

Dette ønsker ungdomar på biblioteket
Er du oppteken av å laga gode ungdomstilbod? Då er det sjanse for at du vil sitta igjen med ny relevant kunnskap etter å høyrt denne episoden.
Då biblioteket i Drammen skulle planlegga ny ungdomsavdeling fann dei seg sjølv stillande dei same spørsmåla som mange har gjort før dei: Kva er det ungdomen likar? Og ikkje minst: Kva likar dei ungdomane som ikkje er på biblioteket til vanleg? Korleis bygga eit ungdomstilbod både for dei som frekventerer Ffifa-en og fabelprosa-hylla fast, og for dei som aldri har motteke ei einaste purring? "Her treng vi profesjonell hjelp," konkluderte avdelingsleiar i Drammen Anne Kaslegard. Etter at anbodsrunden var over endte dei opp med Lene Thorsen frå det Oslo-baserte marknadsanalyseselskapet Innsikteriet. Ho fekk i tale både dagens unge bibliotekbrukarar og respondentar utan inngrodde bibliotekvanar. Vi møtte Kaslegard og Thorsen på Drammen bibliotek til ein samtale der dei delte villig kva for innsikter ungdomane har gitt dei.
Om du etter å ha høyrt denne episoden skulle ønska å lesa heile rapporten, er det bare å ta kontakt med Anne Kaslegard.

Brynjulf Jung Tjønn er gjest i Forfatteren & Favoritten
Forfatteren av Kvit, norsk mann og Smadra er den 22. gjesten i Forfatteren & Favoritten.
Brynjulf Jung Tjønn ble født 1980 i Seoul i Sør-Korea. I 1983 ble han adoptert til Feios i Sogn og Fjordane, der han vokste opp som odelsgutt. Han debuterte med romanen Eg kom for å elske i 2002. Senere har han gitt ut flere romaner for voksne og den kritikerroste barnebokdebuten I morgen skal vi sitte i solen (2009). I 2021 vant han P2-lytternes romanpris for Kvar dag skal vi dere så modige. Som om det ikke var nok: For ungdomsromanen Så vakker du er fikk han Brageprisen 2013. I disse dager topper han boklistene med en lyrikksamling om identitet, rasisme og det å høre til, eller ikke gjøre det.
I denne samtalen med Stian Omland forteller han blant annet om diktet som ga ham frysninger som ung gutt, og om å like moderne lyrikk uten å forstå noen ting av den. Han forteller om fotball, år på kristen internatskole og andre nøkkelhendelser i ungdomstida. Hvorfor begynte han å skrive dikt om aper? Hvilken bok kom nesten på pallen, og hvilken bok ga ham troen på at han også kunne få gitt ut det han skrev?
Pallen:
- Johan Harstad – Herfra blir du bare eldre (2001)
- Lars Saabye Christensen – Beatles (1984)
- Gro Dahle – Karneval – Dikt i utvalg 1987-1997 (1998)
Brynjulf Jung Tjønn (f. 1980)
Produksjon i utvalg:
- Kinamann (roman, voksen, 2011)
- Så vakker du er (roman, ung 2013)
- Smadra (roman, ung, 2018)
- Kvar dag skal vi vere så modige (roman, voksen, 2021)
- Kvit, norsk mann (dikt, voksen, 2022)
Forfatteren & Favoritten er et samarbeid mellom tidsskriftet Bok & bibliotek og Porsgrunn bibliotek.
Episoden ble spilt inn på Porsgrunn bibliotek 26.01.2023.
Programleder: Stian Omland
Teknikk og redigering: Marcus Patai
Musikk: Halvor Nordal Strand
Redaktør: Arne Olav Lunde Hageberg
Redaksjonsmedlem: Hanne Sandvik

Ferien som aldri tok slutt
Dei fleste av lesarane og lyttarane våre veit kor viktig det er med bøker og bibliotek. Men så er det jo litt deilig også å bli minna på det av og til, å få nok eit bevis, å høyra endå ei forteljing om bibliotekbøker som har gitt ny innsikt - anten den resulterer i ei av verdshistorias mest livsviktige medisinske oppdagingar, eller bare eit rikare blikk på kartongen med pasteurisert mjølk i kjøleskapet.
Episode 13 av podkasten fortel historia om eit tilfeldig museumsbesøk på ein varm sommarferiedag som via eit djupdykk i bibliotekmagasina gav spanande ny kunnskap.
Denne teksten om Louis Pasteur blei opphavleg publisert på bokogbibliotek.no den 27. desember i år, nøyaktig 200 år etter at hovudpersonen kom til verda.
Manus: Lene Christensen
Innlesar: Lena Barth Aarstad

Alexander Kielland Krag er gjest i Forfatteren & Favoritten
Norges første Instagram-forfatter i samtale med Stian Omland fra Porsgrunn bibliotek. Hva kom først, Instagram-romanen eller boka?
Kommer Alexander Kielland Krag til å skrive den store norske forsikringsromanen? Har han lest Alexander Kielland? Hvor lenge laget moren matpakke til ham? Hva sladret Alexander og vennene om? Hvorfor pendlet han til Stabekk mens han gikk på videregående? Hvor knivdrepte Alexander (11) en kvinne? Hvorfor er det så mye sprengkraft i den første forelskelsen? Var debutanten Alexander stormannsgal? Bygger Litt redd, bare på egne erfaringer? Kommer Alexander snart med noe nytt? Trengte han skjema for å holde orden på bronseplassen? Hvilken bok inspirerte ham da han skrev sin egen debutroman? Hva har forfatteren Alexander lært av førsteplassen sin?
Pallen:
1. Per Petterson – Ut og stjæle hester (2003)
2. Ane Barmen – Draumar betyr ingenting (2019)
3. Audrey Niffenegger – The Time Traveler’s Wife (2003) / Den tidsreisendes kvinne (no. 2006)
Episoden ble spilt inn med publikum på Horten bibliotek under Kimen litteraturfestival 09.11.2022.
Programleder: Stian Omland
Tekniker: Fredrik Dahle fra Artilleriverkstedet
Redigering: Marcus Patai
Musikk: Halvor Nordal Strand
Redaksjonsmedlem: Hanne Sandvik
Redaktør: Arne Olav Hageberg
Forfatteren & Favoritten er et samarbeid mellom tidsskriftet Bok & bibliotek og Porsgrunn bibliotek.
Alexander Kielland Krag (f. 1992)
Produksjon:
Dette blir mellom oss (roman, 2020)
Litt redd, bare (roman, 2021)

Knut Olav Åmås og Gamlebyen skolebibliotek under Årets bibliotek 2022
Episode 11 er via fullt og heilt til utdelinga av prisen Årets bibliotek 2022, som gjekk til skulebiblioteket ved Gamlebyen skole i Oslo og blei utdelt for fullsatt sal på Deichman Grünerløkka torsdag den 12. januar 2023. Alle dei nominerte var representerte i salen, både Horten bibliotek, Ringsaker bibliotek, Viken fylkesbibliotek og Senja bibliotek, og stemninga var mildt sagt spent då direktør i Fritt Ord Knut Olav Åmås opna konvolutten og las opp namnet på vinnaren.
Prisen Årets bibliotek er blitt delt ut av Norsk bibliotekforening kvart år sidan 1988.
Her får de del i noko av det som skjedde under utdelinga i år, først takketalen til biblioteklærar Elisabeth Jensen Lombnæs og rektor Geir Johansen ved Gamlebyen skole. "Min jobb bør finnast på alle skular i heile Noreg," sa Lombnæs, og dedikerte prisen til alle born som ikkje har skulebibliotek. "No skal vi bruka dette til å jobba for det til alle," lova biblioteklæraren.
Deretter får de høyra Åmås sin tale, der han tar utgangspunkt i sitt eige innlegg som sto på trykk i Aftenposten 29. oktober i fjor «Ro er den nye rocken».
Til slutt får de høyra kva prisvinnarane hadde å seia då eg møtte dei til eit intervju mens skuldrene senkte seg og stolane blei rydda.
Bruk post@bokogbibliotek.no for å senda tilbakemeldingar, idear, stoff til vurdering, eller om det er noe du vil lufta eller diskutera. Og om du ikkje vil gå glipp av ein einaste episode av podkasten Bok & bibliotek er det lurt å abonnere.

Tider skal komme - om fremtidsscenarier i 1991 og AI i 2022
I denne episoden får de ein ny godbit frå Ove Sundby. Teksten står også på trykk i utgåve 4/2022 av Bok & bibliotek. Hugsar du Ove Sundby sin tekst om då Peking-anda gjesta Bok & bibliotek i 1976? Om ikkje kan du høyra den i episode 2 av podkasten. Også i dagens episode vender Sundby blikket bakover for å hjelpa oss å tenka framover. Han fortel om framtidsscenariekonferansen Bibliotek 2020 som gjekk av stabelen på Biri i 1991. Sundby nemner mellom anna at han ikkje ser så mange spor av konferansen i ettertida. Men det kan vi faktisk retta på allereie no, for om du går til inn på bokogbibliotek.no etter at du har høyrt episoden, kan du faktisk lesa eit vitnemål frå ein av dei som var med! Bibliotekar Thomas Brevik går så langt som å kalla deltakinga på scenariekonferansen ei livsendrande oppleving. Ikkje mindre.
I episoden gir også Arne Olav Hageberg ein introduksjon til den nyleg lanserte kunstige intelligensen ChatGPT som ligg tilgjengeleg for fri bruk her.
Besøk bokogbibliotek.no for å bli abonnent på papirutgåva, lesa nettsaker og tidlegare utgåver digitalt. Ta kontakt på post@bokogbiblitoek.no med ris og ros, eller om det er noko du vil lufta eller diskutera.
Om du ikkje vil gå glipp av nye episodar, er det lurt å abonnera på podkasten vår. Og så er vi avhengige av gode meldingar og mange stjerner, tomlar og delingar for å bli lagt merke til. Sånn er det blitt. Så om du fann dette meningsfullt, viktig, eller kanskje gøy, så veit du kva du må gjera.

Erik Eikehaug
I den andre samarbeidsepisoden mellom podkasten Bok & bibliotek og podkasten Forfatteren & Favoritten har Stian Omland møtt Erik Eikehaug, forfatteren av James Franco spytter når han snakker og Skatten og tyven.
Hvorfor har Erik Eikehaug en dragning mot E18? Hvilken veldig skummel og streng forfatterdame lærte ham om skriving i England? Hva gjør egentlig en sufflør? Ser han fortsatt på Gilmore Girls? Hvorfor var Erik livredd for russen? Og leste han hele Sofies verden?
Pallen:
1. Jostein Gaarder – I et speil, i en gåte (1993)
2. Nick Hornby – Gutter er gutter /About a Boy (1998 / No. 1998)
3. Tormod Haugen – Øglene kommer (1991)
Episoden ble spilt inn med publikum i sirkusteltet under Appelsinia litteraturfestival i Skien 28.9.2022.
Programleder: Stian Omland
Tekniker: Øyvind Eriksen fra Klyve lydstudio
Redigering: Marcus Patai
Musikk: Halvor Nordal Strand
Redaksjonsmedlemmer: Hanne Sandvik og Arne Olav Lunde Hageberg
Forfatteren & Favoritten er et samarbeid mellom tidsskriftet Bok & bibliotek og Porsgrunn bibliotek.
Erik Eikehaug (f. 1982)
Produksjon:
James Franco spytter når han snakker (roman, 2017)
Skatten og tyven (roman, 2022)
Som medforfatter:
Bare Victor (med Victor Sotberg, sakprosa, 2020)
Bruk post@bokogbibliotek.no for å sende tilbakemeldinger, ideer, stoff til vurdering, eller om det er noe du vil lufte eller diskutere. Og om du ikke vil gå glipp av en eneste episode av podkasten Bok & bibliotek er det lurt å abonnere.

Folkebibliotek får millionar over Statsbudsjettet til Ibsenformidling
Kan eit lokalt, norsk folkebibliotek ha som mål å nå ut til heile verda? Kva ligg bak ein uttalelse om at «Ibsen er vår flytevest»? Og kva er eit Ibsenbibliotek?
Alt dette får du svar på i dette intervjuet med biblioteksjef i Skien Henriette Stoltz og prosjektleiar Christiane Lieungh. Dei to har opplevd det uvanlege å få millionløyvingar over statsbudsjettet til å skapa innhald i biblioteket sitt. I budsjettavtalen mellom AP/SP og SV ligg det nemleg inne mange statlege millionar til Skien bibliotek sitt arbeid med å bygga det nye Ibsenbiblioteket og til å driva Sølvåren Ibsen formidlingssenter, som skal bli integrert i det nye biblioteket i byen der Henrik Ibsen blei fødd i 1828.

Line Renslebråten i verdens første fellesepisode med Forfatteren & Favoritten
Med denne episoden introduserer vi et strålende nytt samarbeid mellom podkastene Bok & bibliotek og Forfatteren & Favoritten!
En gang i måneden vil vi sammen gi ut intervju med forfattere som snakker om bøkene sine, om da de var mellom 15 og 20 år, og om tre favorittbøker som gjorde inntrykk i den alderen, eller som de har lest senere og vil anbefale for denne målgruppa. Podkasten Forfatteren & Favoritten drives fra Porsgrunn bibliotek og ble lansert i april 2021. Til nå har det blitt 19 forfattermøter. Alle de tidligere samtalene kan høres her. Her finner du gode lesetips, ukjente personlige anekdoter og nære fortellinger om hva bøker kan bety, ikke minst for unge lesere.
I denne episoden er Line Renslebråten gjest, forfatteren og illustratøren av Virkelighetens monstre og Under Polarisen, og illustratøren av Blåhvalen.
Hvor pleide Line Renslebråten å sove i russetida? Hvilken karakter har hun i filting av ull? Lærte hun noe tysk av å tegne forsiden på gloseheftet? Husker Line klonesauen Dolly? Var hun soss eller en av de andre? Våknet hun virkelig en dag uten øyebryn? Hvorfor rømte hun hjemmefra? Hvorfor ber hun foreldrene om unnskyldning? Hva betydde Oslo lysverker for Lines utvikling som tegner? Passet koronapandemien godt med planen hennes om å bli forfatter og illustratør på heltid? Hva tvang hun søsteren til å gjøre da de var barn? Hvor klistret hun dødninghoder? Hvordan overvant hun edderkoppskrekken? Hva gjorde hun med den første skorpionen hun traff? Hva er universalkuren mot insektbitt? Hva er det med blåtonene under vann? Hva betydde steinalderhusmorporno for en 15-åring som aldri hadde hatt sex? Og hva har Trond-Viggo Torgersen med saken å gjøre? Hvilken bok fikk henne til å tenke på menneskenes ondskap? Hvordan oppdaget hun at en forfatter som hadde vekket henne, var en skikkelig fæl fyr? Skiller hun verket og forfatteren? Bør man lese førsteplassen til Line, eller heller se dokumentaren om forfatteren?
Pallen til Line Resnlebråten:
- Forrest Carter – Du finner meg i fjellene (1978)
- John Irving – Siderhusreglene /Cider House Rules (1985/no. 1986)
- Jean M. Auel – Hulebjørnens klan / Clan of the Cave Bear (1986/no. 1986)
Episoden ble spilt inn med publikum på Lundetangen pub under festivalkroa på Appelsinia litteraturfestival i Skien 28.9.2022.
Programleder: Stian Omland
Tekniker: Øyvind Eriksen fra Klyve lydstudio
Redigering: Marcus Patai
Musikk: Halvor Nordal Strand
Tegning til episodeikonet: Per Ragnar Møkleby
Redaksjonsmedlem: Hanne Sandvik
Ansvarlig redaktør: Arne Olav Hageberg
Forfatteren & Favoritten er et samarbeid mellom tidsskriftet Bok & bibliotek og Porsgrunn bibliotek.
Line Renslebråten (f. 1980)
Produksjon i utvalg
Som forfatter og illustratør:
- Dyrene som forsvant (2017)
- Under polarisen (2018)
- Virkelighetens monstre (2019)
- Dyr som gjemmer seg (2020)
- Helter fra dyreriket (2022)
Som illustratør:
- Blåhvalen (2020)
Bruk post@bokogbibliotek.no for å sende tilbakemeldinger, ideer, stoff til vurdering, eller om det er noe du vil lufte eller diskutere. Og om du ikke vil gå glipp av en eneste episode av podkasten Bok & bibliotek er det lurt å abonnere.

Bokbad med stortingspresident Masud Gharahkhani
Denne gangen har vi eit intervju på programmet, nærare bestemt eit bokbad med stortingspresident Masud Gharahkhani som eg fekk lov å ha, recorded in front of a live library audience på Skien bibliotek måndag 7. november 2022.
Aschehoug gav ut boka hans Norge i mitt hjerte i oktober 2022. Den er ein slags midtvegsrapport frå ein 40-åring som har reist lengre enn dei fleste, frå asylmottaket til stillinga som den høgast rangerte etter kongen. Då Masud var fem år flykta han med foreldra frå eit Iran herja av krig og politisk forfølging. Vegen gjekk til Skotselv like nord for Drammen. Der møtte familien eit bygdesamfunn som tok dei imot med opne armar, men etter kvart også rasisme frå høgreekstreme grupperingar, og uklok valkamp frå motdebattantar i Drammen då Ghrahkhani blei Arbeiderpartiet sin ordførarkandidat der i 2011. I samtalen kjem vi også inn på det som skjedde på Utøya den sommaren, og konsekvensane det fekk for Arbeiderpartiet og resten av samfunnet vårt.
Gharahkhani er ein omgjengeleg og lite høgtideleg type, noko som også påverkar måten han forvaltar den litt udefinerte rolla som stortingspresident i Norge. Men mest av alt har han brukt rolla til å bli ein synleg og tydeleg forkjempar for demokrati og ytringsfridom – både i Noreg og internasjonalt, anten han held tale ved minnegudstenesta etter terroren under pride-feiringa i Oslo i sommar, besøker Volodomir Zelensky i Ukraina eller talar styresmaktene i Iran midt imot på persisk så demonstrantane i gatene i Teheran jublar og ambassadørar blir kalla inn på teppet.
Før vi snurrar i gang intervjuet vil eg bare takka Skien bibliotek for at eg fekk lov til å vidareformidla denne samtalen, som var eit alminneleg vellukka bibliotekarrangement med rundt 100 menneske i salen, mange av dei med røter i Iran. Eg vil også oppfordra alle til å følga Skien bibliotek på Instagram. Dei gjer mykje fint der, ikkje minst var dei blant dei første i landet til å introdusera bokfjesfredagen.
Om du vil veta meir om Bok & bibliotek så har vi sjølvsagt ei nettside. Der kan du abonnera, lesa nettsaker og tidlegare utgåver digitalt. Bruk post@bokogbibliotek.no for å senda inn stoff til vurdering, eller om det er noko du vil lufta eller diskutera.
Om du ikkje vil gå glipp av ein einaste episode, er det lurt å abonnera på podkasten vår. Og så er vi alltid avhengige av god omtale og delingar for å bli lagt merke til. Så om du fann dette meiningsfullt og viktig, eller gøy, så veit du kva du må gjera. Takk!

Helene Heger Voldner: Den vanskelige godheten
I denne episoden les Helene Heger Voldner sin eigen tekst «Den vanskelige godheten», som sto på trykk i utgåve 1-2022 av Bok & bibliotek.
Teksten er utprøvande og utforskande, og Voldner skriv ærlig om famling og usikkerhet som dei fleste kan kjenna seg seg att i:
Jeg er redd for å være god på mangfold, men på den uinteressante måten. Jeg er redd for å være god på den naive måten, der mennesker reduseres til flate, ensidige inntrykk. Der vi ikke skaper samtaler som hekter seg på andre samtaler, og som utvider forståelsen vår. Men der vi inviterer mennesker kun som en ensidig størrelse. Denne godheten er både skadelig og uinteressant.
Helene Heger Voldner jobbar til vanleg ved Deichman bibliotek i Oslo. I sommar blei ho valt til nestleiar i Norsk bibliotekforening, men teksten i denne episoden har ho skrive på vegne av seg sjølv. Først deler ho nokre tankar om kvifor ho skreiv teksten, og korleis det var å jobba med den.
Om du vil veta meir om Bok & bibliotek så har vi sjølvsagt ei nettside. Der kan du abonnera, lesa nettsaker og tidlegare utgåver digitalt. Bruk post@bokogbibliotek.no for å senda inn stoff til vurdering, eller om det er noko du vil lufta eller diskutera.
Om du ikkje vil gå glipp av ein einaste episode, er det lurt å abonnera på podkasten vår. Og så er vi framleis avhengige av god omtale og delingar for å bli lagt merke til. Så om du fann dette meiningsfullt og viktig, eller gøy, så veit du kva du må gjera. Takk!

En samtale om ledelse i usikre tider - Bibliotekledersamtalen 2022
I denne episoden får de høyra eit opptak av ein scenesamtale under Biblioteklederkonferansen 2022, den såkalte Bibliotekledersamtalen, i år med Birgitte Shumann-Olsen frå Lillehammer bibliotek, Jorun Systad frå Sunnfjord bibliotek og Mona Magnusen frå Tromsø bibliotek. Det var god stemning i salen og på scenen, og dei tre biblioteksjefane i panelet hadde mykje klokt å bringa til torgs om både pandemi, kvardag, biblioteka sin rolle i krisetider, og ikkje minst om den kontinuerlege krisa i bibliotekøkonomien.
Biblioteklederkonferansen 2022 blei halden på Scandic Oslo Airport hotel på Gardermoen 19.-21- oktober. Nasjonalbiblioteket var som alltid vertskap, og temaet i år var "Uforutsigbare tider" - om korleis ein best kan driva bibliotek og leia, gjera veivalg og prioriteringar når tidene er usikre, anten det er på grunn av pandemi, krig, lokale kriser eller større samfunnsendringer som flyktningestrømmer og inflasjon.
Det kjem ein kommentar om brannen i Larvik bibliotek i 2019, og det er fordi leiaren der, Kari Molvær, var på scenen rett før opptaket blei gjort og fortalte om dette. Bent Høie sto også på programmet under konferansen, og får ein lissepasning frå Birgithe Schumann-Olsen undervegs i samtalen.
Samtalen blei teken opp onsdag den 19. september i år. Intervjuar er Arne Olav Hageberg.
Om du vil vita meir om Bok & bibliotek så har vi sjølvsagt nettside. Der kan du abonnera, lesa tidlegare utgåver digitalt og senda inn stoff. Ta kontakt på post@bokogbibliotek.no med ris og ros, eller om det er noko du vil lufta eller diskutera.
Om du ikkje vil gå glipp av ein einaste episode, er det lurt å abonnera på podkasten vår. Og så er vi avhengige av god omtale og mange stjerner, tomlar og delingar for å bli lagt merke til. Så om du fann dette meiningsfullt og viktig, eller gøy, så veit du kva du må gjera. Takk!

På scenen med Salman Rushdie den dagen
Gjesten i denne episoden heiter Henry Reese og er ein av grunnleggarane av City of Asylum i Pittsburgh, USA. Opptaket var opphavleg gjort som underlag for det skriftlege intervjuet med Henry Reese, som står på trykk i utgåve 3/2022.
Då attentatet mot Salman Rushdie skjedde den 12. august i år, sat Henry Reese rett ovanfor han på scenen til The Chautauqua Institution, klar for å starta ein alminneleg forfattarsamtale. At det var akkurat Reese som skulle intervjua Rushdie, heng saman med at han er involvert i det internasjonale Friby-nettverket ICORN, som mange norske bibliotek og er med i, og som har hovudkontor på Sølvberget i Stavanger.
Salman Rushdie sto i front då forløparen til ICORN blei danna i 1993. Ideen var enkel: å bygga eit nettverk av byar som kunne gje ly til forfattarar som blei forfølgde. Det var dette Reese og Rushdie skulle til å snakka om då Hadi Matar storma opp frå publikum og begynte å stikka Rushdie med kniv. For Henry Reese blei denne brutale opplevinga ei påminning om kva det vil seia å vera ein lesar, og om det umåteleg viktige oppdraget til biblioteket og alle som jobbar der.
Samtalen med Henry Reese blei teken opp den 14. september i år, over Skype frå Pittsburgh til Skien. Intervjuar er Arne Olav Hageberg.
Du finn meir informasjon om Bok & bibliotek på bladet si nettside. Der kan du lesa nettsaker, abonnera, lesa tidlegare utgåver digitalt og senda inn stoff. Ta kontakt på post@bokogbibliotek.no med ris og ros, eller om det er noko du vil lufta eller diskutera.
Om du ikkje vil gå glipp av ein einaste episode, er det lurt å abonnera på podkasten vår. Og så er vi avhengige av god omtale og mange stjerner, tomlar og delingar for å bli lagt merke til. Så om du fann dette meiningsfullt og viktig, eller gøy, så veit du kva du må gjera. Takk!

Da Peking-anden hjemsøkte Bok og Bibliotek i 1976
Til andre episode har vi funnet fram en skikkelig godbit fra utgave tre i 2021, bibliotekar Ove Sundby sin tekst «Da Peking-anden hjemsøkte Bok og Bibliotek». Sundby tar oss med tilbake til 29. november 1976, nærmere bestemt til en tidlig morgen i lokalene til Statens bibliotektilsyn, som den gangen gav ut Bok og bibliotek. Akkurat denne dagen har Aftenposten på trykk kulturjournalist Per Egil Hegges kronikk «Donald Duck anrettet som Peking-and», der han retter sitt kritiske blikk mot det han mener er undermåls og politisk tendensiøse bokanbefalinger for landets biblioteker: «En del av «orienteringene» er nemlig utilslørt AKP-propaganda av tanketommeste og mest stereotype sort …».
Teksten blir lest av Lena Barth Aarstad.
Besøk bokogbibliotek.no for å bli abonnent på papirutgaven, lese nettsaker og tidligere utgaver digitalt, eller sende inn stoff. Ta kontakt på post@bokogbiblitoek.no med ris og ros, eller om det er noe du vil lufte eller diskutere.
Om du ikke vil gå glipp av nye episoder, er det lurt å abonnere på podkasten vår. Og så er vi avhengige av gode anmeldelser og mange stjerner, tomler og delinger for å bli lagt merke til. Sånn er det blitt. Så om du fant dette meningsfullt, viktig, eller kanskje gøy, så vet du hva du må gjøre. Vi høres!

Bibliotek i krig
I denne første episoden podkasten Bok & bibliotek skal vi til Ukraina. Korleis er det å driva bibliotek i krigstid? Når magasinet må bli bomberom, aviskroken blir systove for kamuflasjenett, og kollegaer i okkuperte områder ber om hjelp for å ha råd til mat og livsnødvendige medisinar? Og kva med nasjonalarven? Korleis tek ein vare på nasjonen sin hukommelse når rakettane nærmar seg biblioteka, og store delar av samlinga aldri er blitt digitalisert? Kva gjer du når medlemma i bibliotekorganisasjonen din byrjar å marsjera i takt med okkupasjonsstyrkene til Vladimir Putin? I ukrainske bibliotek strekker frontlinja seg langt inn i bibliotekhyllene.
Oksana Boyarinova besøkte Noreg og Stavanger under litteratur- og ytringsfrihetsfestivalen Kapittel i september. Som leiar i den ukrainske bibliotekforeininga representerer ho mange av dei tilsette i landets 15 000 bibliotek – skulebibliotek og fag- og forskingsbibliotek kjem i tillegg. For både henne og resten av styret går mykje av tida no til å reisa rundt og fortelja verda om situasjonen i heimlandet. Dei samlar også inn pengar, både til akutt hjelp til bilbliotekarar som er råka av krigshandlingar, og til eit fond for restaurasjon i fredstid (klikk på lenkene for å vera med å gi).
Oksana vil jobba med bibliotekutvikling. Ho vil skapa opne og frie rom for utdanning, inspirasjon, møter og arrangement. Høyrest det kjent ut? Om sanninga er krigens første offer, er nok langsiktige utviklingsstrategiar og prosjektplanar det andre. På denne nettsida kan du lesa personlege vitnemål frå bibliotekarer i dei okkuperte områda i Ukraina.
Intervjuet er gjort av redaktør i Bok & bibliotek, Arne Olav Hageberg og spelt inn på eit grupperom på Sølvberget i Stavanger ondag den 21. september 2022.
Besøk bokogbibliotek.no for å bli abonnent på pairutgåva, lesa nettsaker eller tidligare utgåver digitalt og senda inn stoff. Ta kontakt på post@bokogbibliotek.no med ris og ros, eller om det er noko du vil lufta eller diskutera. Om du ikkje vil gå glipp av nye episodar, er det lurt å abonnera på podkasten vår. Og så er vi eigentleg avhengige av gode meldingar og mange stjerner, tomlar og delingar for å bli lagt merke til. Sånn er det blitt. Som om du syntes dette var meiningsfylt og viktig, så veit du kva du må gjera.
Bruk denne lenka for å gje støtte som går direkte til ukrainske bibliotekarar i akutte situasjonar.