
Er du heilt grøn?
By MDG Hjelmeland

Er du heilt grøn?Oct 16, 2023

Snipp, snapp, snute…
Roger og Morten evaluerer valresultatet, og legg ein ny plan. Herlige Hjelmeland: Ut med det visne, inn med noko nytt.

Livsfjerne svermarar eller grøne realistar?
Roger og Morten er klare for fire nye år i lokalpolitikken, men må først gjera noko med ryktet sitt som "livsfjerne svermarar". Programleiarane sin kompis, og tidlegare lokalavis-journalist, Magnar Riveland, blir med i samtalen og stiller dei kritiske spørsmåla. Herlige Hjelmeland: Rutsjebanar.
Gjest: Magnar Riveland

Politisk rekneskap
Roger og Morten ser tilbake på dei siste fire åra, og oppsummerer korleis MDG har bidratt i lokalpolitikken i Hjelmeland. Dagens gjest – Alexander Rügert-Raustein – blir med i samtalen, og gjer opp rekneskapen etter dei siste fire åra som fylkestingsrepresentant og folkevald i Randaberg. Herlige Hjelmeland: Folk i fjellet.
Gjest: Alexander Rügert-Raustein

Grøn valgomat – del 4
Roger har fleire planar for sommarferien enn han har tid til å gjennomføra, medan Morten er vemodig etter å ha sendt 10. klassingane sine vidare i livet. Du får vita kva MDG Hjelmeland om bompengar, jordvern, arbeidsplassar, kraftutbygging i verna vassdrag, hyttebygging og mykje meir. Herlige Hjelmeland: Lokale ord og uttrykk.

Grøn valgomat – del 3
Roger har kost seg med å spela i Pilt-Ola-spelet på Bakken gard, medan Morten gler seg til å samla den lokale MDG-gjengen for å laga valprogram for perioden 2023–2027. Du får vita kva MDG Hjelmeland meiner om vindkraftutbygging, fleksibelt barnehageopptak, støtte til frivillige lag og organisasjonar, næringsutvikling, eigedomsskatt, Burmavegen og mykje meir. Herlige Hjelmeland: Lineus longissimus.

Grøn valgomat – del 2
Morten har fått fagleg påfyll på Nasjonal konferanse om bruk av IKT i utdanning og læring, medan Roger skal studera prinsippet om «barnets beste» for å få mastergrad i barnevern. Du får vita kva MDG Hjelmeland meiner om konsesjonskraftinntekter, regulering av bygging eller fri flyt, næring eller landbruk på Svadberg, vern av natur, samt støtte til sauefjøs. Herlige Hjelmeland: Syrisk middag og pipefunksjon.

Grøn valgomat – del 1
Morten har begynt å skriva to nye manus, og Roger held på å øva inn eit heilt anna manus. Du får vita kva MDG Hjelmeland meiner om barneskular, Burmavegen, kommunestruktur, gratis barnehagar, samt eigarskap til vass- og avløpsanlegg. Herlige Hjelmeland: Kombinasjonsdrift i næringslivet.

– Det er fleire moglegheiter enn hindringar
Morten og Ungdomsteateret til Hjelmeland Teater er nå i innspurten med årets teaterframsyning: «Kaptein Løvetann og skatten på Piratøya». Roger er i forhandlingar med seg sjølv, og lurer på om han skal slipa eller ikkje, beisa eller olja. MDG har vore med på å styra Hjelmeland kommune dei siste fire åra, og neste veke startar arbeidet med MDG sitt valprogram for perioden 2023–2027. Me blir betre kjende med Roger Sjursen, som er 1. vararepresentant for MDG i kommunestyret, og som stiller på 2. plass på MDG si valliste til kommunestyrevalet hausten 2023. Herlige Hjelmeland: Ikkje ta med sag opp i treet.
Gjest: Roger Sjursen

Kjønnsidentitet og engasjerte eldsjeler
Morten ser fram til påskeferien, og har berre planlagt å gå på arrangement som han ikkje arrangerer sjølv. Roger er opptatt av at fleire skal få vita kva Mitt Hjelmeland er, og får god hjelp av Morten og dei andre i styret til Mitt Hjelmeland. I sist veke debatterte kommunestyret om Hjelmeland kommune skal fastsetja eigne prinsipp om undervisninga knytta til kjønnsidentitet, og Morten og Roger drøftar temaet vidare. Morten Hetland er listetopp for MDG Hjelmeland i samband med kommunestyrevalet i haust, og som dagens gjest fortel han meir om mannen bak namnet. Herlige Hjelmeland: Ting blir heilt annleis når folk sluttar å ro.
Gjest: Morten Hetland

Eit betre samfunn – trinn for trinn
Morten toppar Hjelmeland MDG si liste til kommunestyrevalet i haust, og gler seg til å starta jobben med å sy saman eit nytt valprogram for perioden 2023–2027. Roger jobbar i barnevernet, og bruker rettleiingsverktøyet FEB (foreldre etter brudd) til å hjelpa foreldra oppover i "samarbeidstrappa", til det beste for barna. Kommunestyret i Hjelmeland lurte på om det er mogleg å etablera eit regionalt kompetansesenter eller interkommunalt samarbeid om tenester for personar med demens. Agenda Kaupang svarer med "heilskapleg innsatstrapp", og utfordrar kommunen til å vurdera kva ein bør bruka meir og mindre pengar på i åra framover. Dagens gjest er Richard W. Samslått, som er fylkesleiar i Rogaland MDG. Herlige Hjelmeland: Kvitkledd dame som skaper bilete i folk sine hovud.
Gjest: Richard W. Samslått

Energitrilemmaet og energipolitikk i praksis
Morten har fått Hjelmeland kommune til å spørja Klima- og miljødepartementet om kva som skal vera Hjelmeland kommune sine lokale klimamål, medan Roger heiar på demonstrantane på Fosen. Protestane mot vindturbinane på Fosen synleggjer eit typisk eksempel på korleis energitrilemmaet fungerer i praksis: Ein kan ikkje få billigare straum og betre forsyningstryggleik, utan at det går på bekostning av natur og miljø. Rune Askeland fortel om korleis det er å vera MDG-politikar i Stavanger kommune, der han er leiar i utvalet for miljø og utbygging. Herlige Hjelmeland: Ting som utgjer seg for å vera noko anna enn dei er. (Det er innsida som tel.)
Gjest: Rune Askeland

Klimakampanje, kraftmangel og solceller
Morten er i full gang med «Kaptein Løvetann og skatten på Piratøya», medan Roger prokrastinerer som aldri før. MDG Hjelmeland har tatt initiativ til ein nasjonal kampanje for å få talfesta utsleppsmåla for kvar enkelt kommune, og denne veka fremjar Morten ein interpellasjon om klimamål i kommunestyret. Jan Andor Fjelde Næss fortel om kraftproduksjon og energieffektivisering, og han er spesielt opptatt av solcellekraft. Herlige Hjelmeland: Plastsete på trestubbar blir ein flott utkikksplass.
Gjest: Jan Andor Fjelde Næss

Samhald, borgarlønn og grønare næringsliv
Nytt styre og ressursgruppe i Mitt Hjelmeland. Roger har laga mat til Maleniusprisgallaen 2023. Kommunelege Bjarte Sørensen har skrive om samhald i små bygder: «I det sårbare finn me òg styrken». Ola Kvaløy, professor i samfunnsøkonomi, drøftar fordeler og utfordringar med borgarlønn, og samt ulike insentiv til grøn omstilling av næringslivet. Herlige Hjelmeland: Hoppbakke på Helgøy.
Gjest: Ola Kvaløy

Politisk engasjement og robuste kommunar
Kven kan nå gjera halvparten av kva han vil? Kor får du sjå ein opera i romjula? Kva er dei nye veggmaleria på Samfunnshuset? Kven har innført seniortaxi? Kven er ny partileiar i Miljøpartiet Dei Grøne? Kva er forskjellen på Arbeidarpartiet og Hjelmeland Arbeidarparti? Kven er eit heiderleg unntak? Korleis får ein fleire unge til å engasjera seg i politikken? Kva er ein «robust» kommune? Kvifor er det rart å kalla Viking-supportarane for Hordene? Kvifor er fargen blå forbunden med å vera litt nedfor.
Gjest: Gaute Hauge

Deep Green: Berekraftig landbruk
Kor mykje av det norske landarealet er dyrka eller dyrkbar mark? Kor berekraftig er overgang frå dyrking av gras til dyrking av eple? Kva er god berekraftig landbrukspolitikk? Korleis kan det norske landbruket bli meir berekraftig? Kva er mest berekraftig av sau og ku? Kor viktig er jordvern for matforsyninga?
Gjest: Harald Moskvil

Sentrum, fiber, privatisering og rare stadnamn
Er det greitt å bruka fossilt drivstoff til å fanga mat? Kven driv med "humre"-humor? Kven har fått krøller? Skjer det noko nytt i Hjelmeland? Kor er Hjelmeland sentrum? Kven synest at det er kjedeleg med politiske møte utan diskusjonar? Kor skal det leggjast fiber-nett? Kor går grensa for kva som kan privatiserast? Kven trudde at han var eit praktisk geni, heilt til han flytta til Hjelmeland? Kvifor finst det så mange rare stadnamn?
Gjest: Ståle Halsne

Deep Green: Klimabelønning
Kva er klimabelønning? Kvifor er MDG for å innføra klimabelønning? Kva eksempel på klimabelønning finst i andre land? Korleis kan klimabelønnning fungera i praksis? Kva må til for at Noreg skal lukkast med å innføra klimabelønning? Korleis vil klimabelønning påverka norsk økonomi?
Erlend Kristensen og Anders Ekeland

Økologisk landbruk i forhold til breie hattehyller
Kva meiner me om statsbudsjettet? Kva er kjenneteiknet på ansvarleg klima- og miljøpolitikk? Kva er grøn omstilling, og kvifor vil kommunestyret støtta gode tiltak i lokale bedrifter? Korleis driv ein økologisk landbruk? Korleis har samarbeidet mellom Sp, SV og MDG fungert i Hjelmeland? Kvifor er MDG meir opptatt av grønt/grått enn venstre/høgre? Kven har skifta meining om eigedomsskatt? Kor finst dei breiaste hattehyllene? Bør me legga frå oss kjepphestane i forhold til bjørnetenester?
Gjest: Silje Sværen

Deep Green: Klimagassar, klimamål og klimatiltak
Kva er dei norske klimamåla? Korleis blir drivhuseffekten forsterka av klimagassar? Kva sektorar bidreg mest til norske klimagassutslepp? Kva tiltak kan bidra til at me når klimamåla? Er elektrifisering av sokkelen eit godt klimatiltak? Kva er status for dei norske klimamåla?
Gjest: Arild Hermstad

Kjøtfri måndag, blodbøkar og flaskevatn
Kven har sendt brev til «Miljøradioen»? Kven har fått seg måne? Er det lov å kalla nokon for «eksosrype»? Kven held liv i Roger? Kvifor blir det stadig færre gardar i Hjelmeland? Kvifor blei det lagt ny asfalt på ein veg som skal fjernast? Kven har sett av pengar til grøn omstilling i næringslivet? Kva er poenget med kjøtfri måndag? Kven konspirerer om blodbøkane som peikar mot Sæbø? Kvifor sel butikkane flaskevatn?
Gjest: Arthur Fjeldheim Egeland

Pizza, gardsysteri og anti-anglifisering
Kven bør stilla klokka? Kven har vore vertskap for pizza-kurs? Kor har det brunne? Korleis bli kvitt landøyda? Kven tok eit nytt etternamn utan å skifta namn? Korleis kan ein laga god ost? Kva pris fekk Hjelmeland Naturlegvis sin stand under Gladmaten 2022? Kven har tittelen som Hjelmelands mest humoristiske bygd? Kvifor snakka norsk i staden for engelsk? Kor er det alt for god plass? Korleis skal toalettrullen henga?
Gjest: Joar Hauge

Politisk samarbeid, spesielle interesser og usanne barnesongar
Korleis feirer me 1.000 avspelingar? Kven har begynt å skriva manus til ei ny teaterframsyning? Kven har kjørt til Songesand? Kor er det opna ei ny dagsturhytte? Kvifor bør fleire engasjera seg i lokalpolitikken? Kor lenge kan ein kommunestyrerepresentant kalla seg nybegynnar? Korleis kan politiske parti samarbeida betre? Kvifor treng me både nynorsk og bokmål? Kvifor er det bra å kunna skilja seg ut? Kvifor lyg me til ungane i barnesongane?
Gjest: Torunn Munthe

Om godt og vondt, om å bry seg og ikkje bry seg
Korleis spelar ein tuba utan å ha tuba? Kva bru blei nyleg opna? Kven har blitt intervjua i Strandbuen? Korleis blir den nye ungdomsskulen i Hjelmeland? Kva tema er kontroversielle? Kva naboar bryr me oss ikkje så mykje om? Er alle menneske i utgangspunktet fødde gode?
Gjest: Veronica Sivertsen

Grøn omstilling og verdas beste eplesider
Kven høyrest ut som ein konsulent? Kva er det som rimer på bussen? Kva er føremålet med denne podkasten? Kva er ein "mottas"? Korleis blir me påverka av presupposisjonar? Er det mogleg å reisa på bilferie med elbil? Kor mange fleire innbyggarar har Hjelmeland fått i første kvartal? Kven har sikra fleirtal for ei kommunal næringsstøtte til grøn omstilling? Korleis skal ein uttala "apal"? Kven produserer verdas beste eplesider? Kvifor kallar me ting for det det heitte før, sjølv om det har fått nytt namn?
Gjest: Dan Olav Sæbø

Trylling, ungdom og sikspens
Kva retning skal me gå i? Er det greitt å driva med oppdrett? Kan trylling bli god radio? Kven har vore pjusk? Kven har kjøpt seg motorsykkel? Kva slepp Morten å skriva lesarinnlegg om? Kor skal grensa gå? Kva er Peder Krokedal engasjert i? Kven har gløymt at dei har vore kalv? Kor er Vormedalen sentrum? Kvifor heiter sikspens sikspens, og er det ein hatt eller ei lue?
Gjest: Peder Krokedal

Berekraft, skaparkraft og blinking
Kva betyr "grøn slagside"? Kven har fått covid-19? Blir det nok lager-plass på den nye ungdomsskulen? Kven har blitt valt inn i styret til MDG Hjelmeland? Kva er økoturisme? Er det best å blinka éin gong for mykje, eller éin gong for lite? Kva er dei tre første tonane i Beatles-låta «Yesterday»?
Gjest: Janneke Wijgergangs

Podkast-kritikk og politikar-kritikk
Korleis høyrest det ut når Roger prøver å snakka med andre dialektar? Kva er ei "grøn slagside"? Korleis har Hjelmeland greidd å blomstra utan å slå seg saman med andre kommunar? Kor har Roger fått vondt? Kva meiner Morten om Tajik og Putin? Kva er ein næringsstrategi? Kva er typisk for Hjelmeland? Kva kulturarrangement har den nye kultursjefen tenkt å servera? Kvifor er det lengre frå Åsen til Årdal, enn frå Fister til Åsen? Korleis lagar ein den beste gjærbaksten?
Gjest: Magnar Riveland

Nytt år, nye meiningar (med livet)

Manneshow, straumprisar og Helgøy-folk
Kvifor er ikkje Morten interessert i lyttartal? Kva har Roger og Morten brukt hausten til? Korleis smaker lammelår kokt i bålgrop? Kvifor er straumprisane så høge? Kven fekk Kulturprisen 2021? Kor mykje har fruktbøndene på Helgøy investert i fruktsatsinga si? Kvifor flytta Solgunn heim til Helgøy? Kvifor vil MDG bruka pengar på gratis barnehage? Kvifor er nokre druer steinfrie?
Gjest: Solgunn Landro Asprusten

Engasjement, aktivisme og teoriar

Grønare og grønare, dag for dag

Bokverk, byggverk og kunstverk
Er all utvikling god utvikling? Kva har Morten og Roger gjort på Helgøy? Har bøkene ei framtid? Kor tett kan ein byggja før det blir for tett? Korleis bør ein bruka ved? Kva smakar best; filtermalt eller kokemalt kaffi? Kan alt vera kunst?
Gjest: Liv Reidun Brakstad

Klimaendringar, Kvikk Lunsj og kollektiv-kutt

Sandvik-plan, songstund og store truser
