Skip to main content
Spotify for Podcasters
Bibelpoden

Bibelpoden

By Jens Thoresen

Her finn du bibelrefleksjonar, talar og betraktningar.
Available on
Google Podcasts Logo
Pocket Casts Logo
RadioPublic Logo
Spotify Logo
Currently playing episode

Kort pinsebodskap

Bibelpoden May 28, 2023

00:00
06:20
Apostelen Peter del 2

Apostelen Peter del 2

Alv Magnus talar her om kven Peter var i utgangspunktet, og kva Jesus fekk gjort han til. Om oppturar og nedturar i Peters liv. Om korleis han reiste seg og vart ein kristen leiar av enormt format.

Sep 10, 202356:43
Fem talande møter mellom Jesus og Simon Peter

Fem talande møter mellom Jesus og Simon Peter

Simon Peter hadde sine "ups and downs" i kristenlivet. Men til slutt vart han ein tenleg reiskap for Jesus og Guds rike.

Sep 09, 202301:00:39
Fire måter å tilnærma seg Gud på, berre ein av dei fører fram.

Fire måter å tilnærma seg Gud på, berre ein av dei fører fram.

Talen handlar om spirekrafta i Guds ord, og om ulike måtar me menneske tek imot Guds ord på. Dette relatert til såmannslikninga.

Sep 09, 202358:46
Guds ord til vår tid

Guds ord til vår tid

Her kan du høyra kristen undervisning av uvanleg høg kvalitet.

Sep 08, 202357:53
Dine ord gjev lys når dei opnar seg

Dine ord gjev lys når dei opnar seg

Når me les Bibelen, er me heilt avhengige av at Jesus forklarar ordet for hjarto våre. Difor er det viktig å be før du les om at han må koma deg til hjelp.

Sep 06, 202307:49
Det er tid for å gripa inn, Herre!

Det er tid for å gripa inn, Herre!

Det er viktig at folk med makt i samfunnet anerkjenner Guds lover og rettar seg etter dei. Gjer dei ikkje det, innfører dei destruktive retningslinjer for korleis folk skal leva og samfunnet byggjast.

Sep 04, 202307:28
Sæl er den som Herren ikkje tilreknar skuld

Sæl er den som Herren ikkje tilreknar skuld

I denne talen prøver eg å setja versa i Salme 32 i samanheng med kvarandre til ein samla bodskap. Salma er svært sentral i Bibelen, og ligg til grunn for grunntankane i Romerbrevet 4 i Det nye testamentet.

Aug 28, 202328:37
Gå god for din tenar, så det går han vel

Gå god for din tenar, så det går han vel

For å seia ja til oss, måtte Gud, vår gode Far, seia nei til Jesus

Aug 12, 202305:47
Salme 119,115-119

Salme 119,115-119

Guds lover er sanne og gode. Han vil vraka alle som vrakar dei. Det er eit visst alvor over det.

Aug 09, 202307:38
Tale i Kristkyrkja 6.august 2023

Tale i Kristkyrkja 6.august 2023

Teksten som det her blir talt over er Salme 103,1-5. Denne handlar om gode grunnar til å lova og prisa Herren, vår Gud, og den effekten lovsongen har på liva våre.

Aug 06, 202328:35
Du er mitt vern og mitt skjold

Du er mitt vern og mitt skjold

Salmisten åtvarar lesaren mot å leva dobbeltliv. Så mange kristne leiarar lever i skjult synd på privaten medan alt ser rett og godt ut i det offentlege. Å forkynna ein standard for andre, og ha ein lågare standard for sitt eige liv, er vegen ut av samfunnet med Gud og Guds rike.

Jul 17, 202306:17
Gjev meg liv slik du har sagt i ditt ord

Gjev meg liv slik du har sagt i ditt ord

Ingen kan produsera åndeleg liv, det må me få frå Gud, og det blir gjeve til dei som audmjukar seg og ber om det.

Jul 02, 202311:13
Salme 119,105-106

Salme 119,105-106

Guds ord lyser for oss slik at me ser kor den rette vegen går, den som endar opp hos Gud.

Jun 29, 202306:33
Guds ord er søtt som honning

Guds ord er søtt som honning

Guds ord er mat for sjela og ei kraftkjelde for trua og livet, og i dag fokuserer med på ordet sin utrustande verknad.

Jun 27, 202306:58
Du gjer meg klokare enn dei gamle

Du gjer meg klokare enn dei gamle

Når me er lydige mot Guds ord, blir me kloke kristne. Lever me i ulydnad, blir me ukloke kristne.

Jun 24, 202305:33
Kva var det nye som Kristus kom med?

Kva var det nye som Kristus kom med?

Tale over Jesaja 43,18-21 der Herren lovar Israel å gjera noko nytt. Kva var dette nye? Den Heilage Andens kraftfulle nærvær i alle Jesustruande menneske, og så lenge me drikk av denne velsigninga, vil nytt liv bli skapt rundt oss. Folk blir dregne til Gud, tilgjevne, atterfødde og fylte av Anden, og så skjer det nye igjen med nye folk.

Jun 19, 202319:02
Di lov gjer meg visare enn mine fiendar

Di lov gjer meg visare enn mine fiendar

Den som forkynner Guds lov og vilje må rekna med stor motstand i ei fallen verd. Det er ikkje minst aktuelt på ei tid som dette.

Jun 16, 202309:34
Kort pinsebodskap

Kort pinsebodskap

I denne vesle refleksjonen legg eg vekt på dette med tilgjengelegheit. At evangeliet om Jesus etter første pinsedag er blitt gjort tilgjengeleg for alle jordas folk, og at alle kristne har fått tilkgang til Guds kraft.

May 28, 202306:20
Salme 119,89-91. Herrens ord står fast i himmelen

Salme 119,89-91. Herrens ord står fast i himmelen

Me lever i ei tid då ting endrar seg fort på mange områder. Det er lett å bli svimmel. Men Guds ord står fast, og alle som står fast i Guds ord, står også fast.

May 24, 202307:08
Tale 21.mai av pastor Jens Thoresen

Tale 21.mai av pastor Jens Thoresen

Å vera kristen er å elska og tilbe Jesus, ikkje å oppføra seg fint og kunna uttrykka kristne meiningar

May 24, 202331:19
Pålitelege er alle dine bod

Pålitelege er alle dine bod

Offensive og frimodige kristne får mange motstandarar, særleg dersom dei hevdar at Guds lover faktisk er gyldige for alle mennesker. Slikt kan resultera i ulike grader av forfølging. Det skaper bekymringa for korleis framtida vil bli. Men Gud ber oss om å ta ein dag om gongen.

May 20, 202308:23
Noreg, Gud og kristendomen

Noreg, Gud og kristendomen

Her får du vita kvifor demokrati berre fungerer i nasjonar som er bygd opp på kristne verdiar, og der Gud vert teken på alvor.

May 17, 202330:26
Jesu likning om farisearen og tollaren

Jesu likning om farisearen og tollaren

Dersom me nedvurderer våre medmenneske er det eit symptom på at Gud ikkje bur i oss, eller at han er på veg ut av liva våre.

Gud nedvurderer ingen, men bøyer seg ned for å løfta opp alle som ligg nede.

May 14, 202320:05
"Eg tærest bort av lengsel etter di frelse!"

"Eg tærest bort av lengsel etter di frelse!"

Guds frelse kjem med Guds ord. Når Gud talar, kjenner me oss adresserte, og lyder me hans ord, blir me frelste, om det er frå synd eller ut av ein eller annan vanskeleg situasjon

May 05, 202306:40
Lær meg å halda boda dine av eit heilt hjarta

Lær meg å halda boda dine av eit heilt hjarta

Å halda Guds bod av plikt har sin verdi. Men berre når me held dei av hjarta, vil folk sjå Gud i oss.

Apr 29, 202304:57
Lat din kjærleik koma til meg, så eg kan leva

Lat din kjærleik koma til meg, så eg kan leva

Gud fører oss ut i vanskelege ting for å utdanna oss til sjelesørgarar.

Apr 27, 202304:58
"Den gode del", tale i Kristkyrkja 23.april av pastor Jens Thoresen

"Den gode del", tale i Kristkyrkja 23.april av pastor Jens Thoresen

Å lytta til Jesus Kristus er det einaste som strengt tatt er naudsynt her i verda, og definert av Jesus som "den gode del" i livet.

Apr 23, 202333:44
Lat di miskunn vera mi trøyst

Lat di miskunn vera mi trøyst

Når me speglar liva våre i Guds lov, blir me audmjuke. Då er me komne i posisjon til å ta imot nåde.

Apr 18, 202305:45
Han som bar Kristi kross

Han som bar Kristi kross

Simon frå Kyrene visste det ikkje då, men han skjøna det sidan at å få bera Kristi kross var ei stor ære. Men viktigare enn at han bar krossen for Jesus, var det at Jesus bar syndene hans, og dine og mine.

Apr 07, 202328:46
Guds lover er meir verdfulle enn gull og sølv

Guds lover er meir verdfulle enn gull og sølv

Guds lover er meir verdfulle enn all verdas rikdom. Hadde alle respekterte desse lovene, ville det ha vore meir enn nok sølv og gull til alle.

Mar 27, 202305:50
Det var godt at du audmjuka meg

Det var godt at du audmjuka meg

Salmisten hadde vorte utsett for falske skuldingar. Det gjorde vondt. Han vart audmjuka. Då var Herren hos han med sin nåde.

Mar 23, 202306:53
Herre, eg løftar mi sjel opp til deg

Herre, eg løftar mi sjel opp til deg

Desse versa i salme 25 femner store deler av kristenlivet. Det vil du få eit inntrykk av gjennom denne talen.

Mar 19, 202331:37
Kvifor er det så viktig å vera audmjuk?

Kvifor er det så viktig å vera audmjuk?

Når Gud audmjukar oss, gjev han oss sunn og sann sjølvinnsikt. Berre når me er sanne med oss sjølve, er me mottakelege for Guds nåde. 

Mar 17, 202305:51
Herre, jorda er full av di miskunn

Herre, jorda er full av di miskunn

Guds miskunn blir formidla til verda gjennom Guds kyrkje

Mar 11, 202305:19
Midt på natta står eg opp og prisar deg

Midt på natta står eg opp og prisar deg

Lovlause manglar ikkje lover, dei har berre erstatta Guds lover med sine eigne

Mar 07, 202305:36
Ver meg nådig, slik du har sagt

Ver meg nådig, slik du har sagt

Salmisten ber om Guds velvilje. Det er eit anna uttrykk for Guds nåde. Han har vike av frå Guds veg, og når han ser det, regulerer han straks livet sitt slik at alt blir rett og sant. Slik er han eit førebilete for oss alle.

Mar 06, 202305:36
Herren er min arvedel

Herren er min arvedel

Alle som trur på Jesus er Guds barn og Kristi medarvingar til det evige riket. Men den store arven, Herren sjølv, får me når me kjem til tru. 

Mar 04, 202304:52
Fred frå Gud

Fred frå Gud

Gud vil at du skal ha ein djup fred i han. Då må du først ha fred med han, vera ein sann kristen, eit Guds barn. Då blir du eit Kristi vitne, og når du vitnar om Jesus, vekker du motkrefter. Men har du fred med Gud og Guds fred i hjarta, då blir du uovervinneleg i den kampen du kjempar for å fri dine medmenneske ut av djevelens makt. 

Feb 26, 202335:52
Dine føreskrifter er mine songar

Dine føreskrifter er mine songar

Salmisten opplever at folk hånar han fordi han hevdar at Guds ord er sant og gyldig for alle menneske. Men han vik ikkje av likevel. Han går ikkje på kompromiss. Og Herren trøystar han gjennom sitt ord, og fyller han med sang.

Feb 24, 202309:47
Ditt ord held meg i live

Ditt ord held meg i live

Det hender at Gud talar veldig spesielt til kvar enkelt av oss, og gjev oss ord som er veldig personlege. Det skaper tru, glede og oppdrift. 

Feb 20, 202306:25
Eg frydar meg over dine bod

Eg frydar meg over dine bod

Guds lover reflekterer Guds kjærlege vesen, difor vil alle som elskar Gud ut frå hans vesen, også elska lovene hans. 

Feb 13, 202304:47
Salme 119,46

Salme 119,46

Mektige kvinner og menn har like stort behov for frelse som alle andre, og Gud har sin eigen plan for korleis han skal nå dei. 

Feb 12, 202305:30
Før meg ut i ope landskap

Før meg ut i ope landskap

Guds lover er gode, og nøye tilpassa menneskelivet. Dersom me følgjer dei, blir me lukkelege. Lever me i konflikt med dei, blir me like sikkert ulukkelege menneske. 

Feb 09, 202308:47
Herre, lat di miskunn koma til meg

Herre, lat di miskunn koma til meg

Når Bibelen snakkar om frelse, snakkar han ikkje berre om tilgjeving for synd, men også om berging frå alle dei vonde konsekvensane som kjem av synda, inkludert spott frå andre menneske. 

Feb 03, 202310:30
Bryllaupet i Kana

Bryllaupet i Kana

Jesus er forvandlingens meister. Han kan forvandla vatn til vin, men enno betre: han kan forvandla folk, og alltid til noko betre.

Jan 29, 202325:10
Gud er kjærleik

Gud er kjærleik

Gud demonstrerte sin kjærleik mot oss ved at Kristus døydde for oss medan me enno var syndarar. I Kristus har me samfunn med Gud og tilgang til hans trune. 

Jan 22, 202339:53
Gje meg liv i di rettferd

Gje meg liv i di rettferd

Når me bøyer oss for Guds lover, og sannar syndene våre, då er det liv og frelse å henta hos Gud. 

Jan 22, 202310:51
Bøy hjarta mitt mot dine lovbod

Bøy hjarta mitt mot dine lovbod

Me menneske har ein dragning mot det som kan gje oss ei forteneste. Men slikt kan ikkje få styra livet til ein kristen. 

Jan 18, 202307:56
Håpets Gud

Håpets Gud

Vårt håp som kristne er 100% knytta opp til den oppstandne Jesus Kristus. Ja, det står rett ut at Kristus er vårt håp, og fordi han det er 100% sikkert at han lever, er vårt håp også 100% sikkert. 

Jan 08, 202340:12
Du har gjort hjarta mitt stort

Du har gjort hjarta mitt stort

Det hender me møter kristne som er varmare og har ein større iver enn andre. Det er forfriskande og fornyande. Det handlar denne refleksjonen om. I bønnedelen møter du dei marokkanske arabarane i Marokko. 

Jan 06, 202306:12