
SunnhordlandPodden
By Kjetil Fyllingen

SunnhordlandPoddenJul 30, 2023

Olve Akselsen - om Foreininga Ståve, Døden og Nytt Perspektiv på Livet
17.08.2021 gjekk Olve sin far, Olav Akselsen, bort i ein alder av 55 år. Korleis dette påverka livet til Olve, vil du få høyra meir om i denne episoden. Du vil òg bli kjend med den nye foreininga Ståve, som Olve har vore med på å starta opp.
STÅVE – Der Smaker, Minner og Hjertevarme Forenes.
Sjekk ut: https://www.facebook.com/staaav.e
Bli med på veldedighetsmiddag og støtt kampen mot hjernekreft!
Sponsor: URT & UGRAS
Trenger du hjelp med julebordet? Vi tilbyr deilige retter som pinnekjøtt med rikelig kålrotstappe, ribbe med klassisk tilbehør, eller hvorfor ikke prøve vår juletapas? Vi har også utleie av lokaler for 10-60 personer. Bestill catering hos oss i dag!

Oddmund Roalkvam – om idrett, konfliktar og eigedomsforhold
Oddmund Roalkvam er Jordskifteleiar Haugalandet og Sunnhordland jordskifterett og ein ivrig idrettsmann. I denne episoden får du høyra om idrett, konfliktar og eigedomsforhold. Du får bli betre kjend med korleis jordskifteretten fungerar i praksis.
Episoden er laga i eit kommersielt samarbeid med:
Haugalandet og Sunnhordland jordskifterett.
Aktuelle lenker: www.jordskifte.no og www.domstol.no
Spørsmål me tar opp er blant anna:
- Kva er jordskifteretten?
- Kven kan bringe ei sak inn for jordskifteretten?
- Kva kostar ei jordskiftesak?
Oddmund Roalkvam deler og gode råd til deg som eventuelt har ei konflikt med naboen.

Tommy Johansen - om å Stå i Stormen, Jobben som Kommunedirektør og utfordringar for Stord Kommune
I denne episoden får du eit personleg og nært møte med den nye kommunedirektøren i Stord kommune – Tommy Johansen. Høyr korleis det var å søkja på 200 jobbar, utan å få napp. Om å stå i ulike stormar som toppleiar, og korleis det var å gå av som kommunaldirektør i Bergen. Du får òg ei betre forståing for kva jobben som kommunedirektør inneber, og kva utfordringar Stord kommune står overfor dei komande åra.
Episoden er laga i eit kommersielt samarbeid med Stord Kommune.

Litt For Ærlig Samtale med Gro Aina Skauge og Nina Østensjø
Kva får to vaksne damer til å starta ein podkast? Og korleis har reaksjonane vore på at dei deler sin livsvisdom i ein "Litt For Ærleg" podkast?
Gro Aina Skauge og Nina Østensjø deler om sin erfaring med å starte podkast.
Korleis være ærleg og klok samtidig?
Lytt til podkasten "Litt For Ærleg" på Spotify: https://open.spotify.com/show/1JQg8Qcl8zW1KGxGDUFH9g?si=3e2621ed00304160
Sponsor: Haugesund Gulvservice - https://www.haugesundgulvservice.no/
Det er Tom Gaard Langøen som driv Haugesund Gulvservice, og han har utført miljøvennleg fornying av parkett, heiltregolv, trapper og benkeplater på heile Haugalandet sidan 1994! Eg har følgt Haugesund Gulvservice på Instagram og synest det er fascinerande å sjå før- og etterbilete som blir publisert der. Eg anbefalar at du sjekkar ut Haugesund Gulvservice på Instagram eller Facebook! Og har du ein overflate som treng fornying, bør du vere ute i god tid med å booke hjelp frå Haugesund Gulvservice! Husk at det er meir miljøvennleg å fornye gamle golv enn å bytte dei ut! Stor takk til vekas sponsor!

Bjørg Thorhallsdottir og Christin Kalve - om Håp, Destinasjon Glede, Fryd og Energi på Stord
Helga 25.-27. august var ei stor gjeng med damer frå heile landet samla til "Fryd & Energi Retreat" på Stord Hotell. Christin Kalve stod bak arrangementet, og med på laget var Bjørg Thorhallsdottir. I denne episoden fortel dei litt om korleis dette samarbeidet vart til. Du får òg høyre litt om historia til Bjørg Thorhallsdottir, kvifor håp er viktig, og kva grep ein kan ta i livet for å fylle det med glede.
Sunnhordlandpodden gratulerer Christin Kalve med eit flott arrangement! Et glimrende "comeback" på heimebane. Dei fekk vist fram mykje av det flotte som er å oppleve på Stord.
Sponsor: Åtgaum - https://www.aatgaum.no/
Åtgaum er ein bistro og vinbar med deilege lunsjar, fingermat og Pizza! Åtgaum ligg i hjartet av Leirvik sentrum i Torgbakken 7.
Åtgaum heier på god lokalprodusert mat og det vert gjenspegla i menyen. Heile september har Åtgaum 20% på pizza!
Stor takk til Åtgaum for at de ville sponse dagens episode!

Ida Kleppe – om Lundemannsverk, Draumen om eit Småbruk, Lokalmat og Markedshage
Høyr Ida Kleppe fortelja om historia til Lundemannsverk på Stord.
Har du ein draum om eit småbruk? Då har Ida gode tips til korleis draumen kan gå i oppfylling.
Høyr om TV produksjon, fordelen med svart belte i Taekwond-do og kvifor lokalmat er viktig og godt.
Du blir og kjend med konseptet Markedshage.
Ein Markedshage er ein stad der grønsaker, frukt, blomar og andre produkt blir dyrka for sal og lokal forbruk. Dette konseptet legg vekt på bærekraftig landbruk og kortreist matproduksjon. Markedshagar er ofte småskala, og dei sel gjerne produkt direkte til kundar gjennom bondens marknad eller liknande arrangement. Dette fremjar samhaldet mellom bønder og forbrukarar, og aukar medvit om kor maten kjem frå.
Vil du støtte SunnhordlandPodden?
Sjekk: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/subscribe

Linda Bøthun – om å Skapa Glade Arbeidsdagar, Coaching og Endring
Kva skjer når ein blomsterdekoratør får pollenallergi?
Linda Bøthun dreiv Skånevik Blomster og Interiør i mange år, men ein dag sa kroppen stopp.
Det vart eit ufrivillig karriereskifte, men førte til ny giv og ein meiningsfull jobb. I dag hjelper Linda både leiarar og team til å oppnå meir, stresse mindre og skape seg fleire glade arbeidsdagar - og gode resultat.
Bli betre kjent med Linda og reisa ho har vore på dei siste åra, og oppstarten av Zenit Businesscoach.
Linda Bøthun har internasjonal sertifisering som Neurosemantic og NLP Trainer.
Sjekk ut:
· https://www.zenit-businesscoach.no
· https://www.facebook.com/zenitbusinesscoach

Ole Martin Djupvik – om Opning av ny Klatrehall på Nysæter og Stord Tinde- og Klatreklubb
Den 19. august kl. 12.00 inviterer Stord Tinde- og Klatreklubb til offisiell opning av den nye klatrehallen på Nysæter. Ole Martin Djupvik, leiar i Stord Tinde- og Klatreklubb, fortel om byggeprosessen og kva du finn i den nye hallen. Om klatremiljøet på Stord og kva som er draumen klubben i tida som kjem. Er du interessert i klatring? Då bør du sjekke ut klatrehallen på Nysæter! For meir info:
Sponsor: Falk Sport - https://falksport.no/falk-sport-stord/
Falk Sport er en sportsbutikk på Heiane Storsenter som leverer alt du trenger for å gjøre deg klar til en aktiv hverdag -enten det er til uteleik, friluftsliv, trening eller om du skal løpe maraton. Når du handler hos Falk Sport kan du være trygg på at du møter ei betjening med spisskompetanse innenfor ulike områder, god lokalkunnskap og som gjør alt de kan for finne rett utstyr for deg og dine behov.
Falk Sport er stolt samarbeidspartner til Stord- Tinde og Klatreklubb og har i samarbeid med klubben fått inn et godt varesortiment til klatring. Medlemmer av klatresenteret får 25% rabatt på alt av klatreutstyr i butikken. Velkommen til en hyggelig faghandel hos Falk Sport på Heiane Storsenter!

Kristian Lunde – om Turn, Ein Sprek Alderdom og Fisk på Kroken
Kristian Lunde er ein av dei sprekaste pensjonistane på Stord. Han er ei eldsjel og eit førebilete for mange. Kristian har stått på som instruktør for Stord Turn i mange år, ja i fleire mannsaldrar. Han driv gubbetrim og er ein entusiastisk fiskar. I denne episoden får du nokre glimt frå karriera som turnar, og du får høyra kvifor turn kanskje er noko alle burde halda på med. Kristian deler òg tankar om kva som skal til for å få ein sprek alderdom.
Sponsor: Stord Anlegg - https://www.stordanlegg.no/
Stord Anlegg - ei entreprenørbedrift med moderne utstyr og kompetanse for små og store oppdrag!

Øyvind Kyvik - om Tapet av Faren, Besøk av Kronprinsen og Draumen om å bli Ordførar
Øyvind Kyvik er på besøk i studio og han fortel blant anna om:
- Bryllupet
- Korleis dødsfallet til faren prega livet
- Jobben som global leder for klima i Aker Solutions.
- Sætravikjo - Sunnhordland sitt svar på Bordeaux
- Relasjonen til Hans Kongelige Høyhet Kronprins Haakon
- Politiske ambisjonar og draumen om å bli ordførar
Sponsor: Biogy Solutions
Vil du vite mer om dette spennende selskapet, følg med på deres hjemmesider, biogy.no

Amalie Lepsøy Hansen og Lillianne Drønen Jæger - om Speidaren i Fitjar, Frivilligarbeid og Haugaland KFUK-KFUM
Speidaren i Fitjar har ventelister med born som vil bli speidarar. Høyr historia om korleis det var å starta opp att med Speidaren i Fitjar. Kva som motiverer leiarane som står på, og kvifor born og unge har det så kjekt på speidaren.
Amalie Lepsøy Hansen og Lillianne Drønen Jæger er gjestar i studio og har eit stort engasjement for friluftsliv, speiding og verdien av speidaren.
Sjekk ut:
Episoden er laga i eit kommersielt samarbeid med Haugaland KFUK-KFUM-speidere.
Om Haugaland KFUK-KFUM:
Haugaland KFUK-KFUM-speidarar er speidarkrets frå Fitjar i nord til Bokn i sør, Bømlo og Karmøy i vest og Ullensvang i aust. Kretsen hadde ved siste årsskifte 1201 betalande medlemmar, og har plass til mange fleire.
Mange grupper driv svært godt, og på grunn av Fitjar sin oppstart i 2020 hadde kretsen auke i medlemstalet gjennom koronaen.
Speidarkretsen har erfarne leiarar på alle område, som meir enn gjerne gir kurs til nye leiarar, ut i frå kva nye leiarar ønskjer seg eller ser behov for.
Speidarkretsen har leiarsamling tre gongar i året, og 5. november i haust har vi invitert Alexander Read, kjent som «meg» i TV-serien «Mina og meg». På det nye bedehuset i Vats, Arken, vil han snakke om friluftsliv med barn. Han er ein svært inspirerande foredragshaldar.
I februar har kretsen kretsting og i august Kickoff med besøk frå forbundskontoret, for å inspirere til eit nytt speidarår.
Kvart år i juni arrangerer kretsen Blikshavnleir på Karmøy, for speidarar til og med fjerde klasse. Mange barn og vaksne har hatt sitt første møte med speidartur her. Her er roverane, ungdom som er gått ut 10. klasse og opp til 25 år, med som stab.
I slutten av juli 2024, har vi kretsleir i Vats, med stort innslag av ungdom frå Europa. I 2025 er det landsleir på Gjøvik.
---
Speidararbeid er viktig for barn og unge og inspirerande for vaksne som er med.

Elisabeth Moberg og Espen Hana – om Kristina frå Duvemåla, Bømlo Teater og Usannsynleg Mykje Meir
Frå 2. til 12. august er det igjen klart for ei fantastisk førestilling i Moster Amfi. Då vert det nypremiere på Kristina frå Duvemåla. I denne episoden fortel Elisabeth Moberg og Espen Hana om korleis det er å jobbe med eit slikt prosjekt saman med gjengen i Bømlo Teater.
Du får bli litt betre kjent med Elisabeth Moberg og Espen Hana og rollene de speler, Fina-Kajsa og Danjel. Får du lyst til å sjå Kristina frå Duvemåla?
Sjekk: https://bomloteater.no/oppsetning/kristina-fra-duvemala/
Sponsor: Wärtsilä Norway - https://www.wartsila.com/nor
Wärtsilä Norway utviklar ny framdriftsteknologi med fokus på elektrifisering og framtidas drivstoff, som gjer den maritime bransjen meir berekraftig. Verksemda har sitt utspring i motorprodusenten Wickmann med lange tradisjonar på Bømlo og i Sunnhordland, og feirar i 2023 sitt 120 års jubileum.

Silje Røksund Johannessen - om Mentalt Overskot, Bevegelse og Tips for ein Gladare Kropp
Enkle tips for ein gladare kropp Lytt og lær om dei mest effektive tipsa og øvingane for å kome i gong med trening Korleis kan ekstreme treningssituasjonar få det beste fram i deg? Møt den kule og kunnskapsrike Bømlingen og fysioterapeuten Silje Røksund Johannessen som deler korleis du får mentalt overskot ved hjelp av bevegelse.
Videosamtale med fysioterapeut Silje: https://satsccvest.bestille.no/OnCust2/#!/booking
Følg Silje på Instagram: https://www.instagram.com/physiocool/
Sponsor: B3 Helse - https://www.b3helse.no/

Lars K. Vik - om Revy, Idrett, Humor, Musikk og Livet på Fitjar
Lars K. Vik frå Skotet har mange artige historier på lager. I denne episoden deler han litt frå eit langt liv på Fitjar. Han er kanskje den som har skrevet flest songar på Fitjar og han har rekorden på 60 meter sprint. Lars har vært ein sentral person på Bedehuset og i musikkmiljøet på Fitjar.
Sponsor: Fitjar Kraftlag - https://www.fitjar-kraftlag.no/

Christin Kalve - om Nedlegging av Livsverket Sport-Treff og Vegen Vidare
I mars 2023 måtte Christin Kalve kaste inn handkle. Sport-Treff måtte begjære oppbud. I denne episoden deler Christin om den tøffe tida før og etter denne vonde opplevinga.
SunnhordlandPodden heier på dei som står på i næringslivet, som gründerar, også når det ikkje går slik som ein skulle ønskje.
Denne episoden er kanskje ekstra aktuell for alle gründerkvinner som står på! Del gjerne episoden med nokon du trur kan ha nytte av den.
NB: Få med deg slutten av episoden!

Hannah Valen Hafsmo - om Vegen Til å Bli Tatovør, Ventablack_ink og Gründerliv
Hannah Valen Hafsmo har starta opp Hafsmo Tattoo - Ventablack_ink i Sagvåg. Men korleis blir ein tatovør? Høyr om gründerreisa til Hannah og lær litt meir om kva som er lurt å tenke på når ein skal ta ein tatovering.
Du får svar på:
- Kva er dei mest smertefulle stadene å få tatovering på?
- Kan ein tatovering bli fjerna?
Og mykje meir!
https://www.instagram.com/ventablack_ink/

Magne Rommetveit og Svein Olav Langåker - om Stord – Byen vår, Jubileumsskrift for Stord Kommune
I 2022 var det 25 år sidan Stord vart by! I denne episoden fortel Magne Rommetveit om korleis det gjekk til. Med i studio er og Svein Olav Langåker som fekk jobben med å skriva Jubileumsskrift for Stord Kommune «Stord – Byen vår».
Høyr om:
- Kvifor skulle Stord bli by?
- Kva har bystatusen ført til?
- Kva forskjell er det på ein by og ei bygd?
- Kva er spesielt med byen Stord?
- Kva er det som gjer Stord til ein by?
- Korleis blir framtida for Stord?
Episoden er laga i eit kommersielt samarbeid med Stord Kommune - https://www.stord.kommune.no/

Anette Rasmussen Lønnheim – om Kvinnehelse, Tabu, Møte med Reptilar og B3 Helse
Fysioterapeut Anette Rasmussen Lønnheim er godt over gjennomsnittet interessert i kvinnehelse og har sjølv erfaring med store bekkenproblem. I dag hjelper ho andre med å få betre helse.
Anette har ifølge ganske sikre kjelder ei "ufrivillig dragning" mot reptil, nærare bestemt slangar. Høyr korleis det gjekk då Anette fekk ein svært giftig slange i fanget.
Knipeøvingar, og kjent som bekkenbunnstrening, er ein viktig del av kvinnehelse og kan vere nyttige for å styrkje bekkenbunnsmusklane. Men det er viktig å utføre dette på rett måte. Anette forklarer i denne episoden.
Sponsor: Relasjonell Helse - https://relasjonellhelse.no/

Glimt frå Folk i Sentrum 2023
Sunnhordlandpodden hadde ein liten stand på «Folk i Sentrum - Folkehelsedagar».
Opptakeren var med og eg fekk ein prat med nokre av dei andre som sto på stand.
Her får du høyra litt om arbeidet til:
- Av og Til - Stord Kommune
- Internasjonal Kulturklubb Stord (IKK)
- Stord Røde Kors
- Norsk Folkehjelp
- BUA
- Kyrkja på Stord
- Odd Fellow Stord
- Stord Fitjar Demensforening
- Treffpunkt Sunnhordland - Kreftforeningen
- Naturvernforbundet på Stord

Irén Tvedt Asbjørnsdatter Færevaag – om Pyrografi, Tegneglede og Kreativitet på Tysnes
Irén Tvedt Asbjørnsdatter Færevaag fortel om pyrografi!
Pyrografi er kunsten å dekorere tre eller andre material ved å brenna inn merker ved hjelp av eit oppvarma verktøy eller instrument, vanlegvis ei oppvarma penn eller tråd. Ordet "pyrografi" kjem frå dei greske orda "pyro" (som betyr eld) og "graphos" (som betyr skrift). Det har også blitt kalla "woodburning" eller "eldskrift".
Du får og høyra om oppveksten, kreative forbilder, reisa til Japan, korleis det er å bu på Tysnes, tegnekurs, tegneglede og Woodturningcruise.
Sjekk ut:
- https://www.facebook.com/Tegnekroken
- https://www.instagram.com/tegnekroken_iren/
- http://tegnekroken-itaf.blogspot.com/
Vil du støtte Sunnhordlandpodden?
Sjekk: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/subscribe

Frode Hetlevik – om å få Næringslivet til å Blomstre, Kaktus Krise, Livet som Næringslos for Kvinnherad og Kvinnheradkonferansen
Frode Hetlevik har lang erfaring som gründer, noko som kjem godt med når han skal være med å finna retninga for næringslivet i Kvinnherad. Frode Hetlevik er nemlig Næringslos for Kvinnherad Næringsservice. Han skal gjera næringslivet breiare og få det opp og fram. Høyr om Frode sin historie, om fotball, blomar og kaktuser. Frode deler om opp og nedturar og kva det har lært han, om gjennomføringskraft og handlekraft og om verdien av å jobbe saman.
Kvinnherad Næringsservice arrangerer Kvinnheradkonferansen kvart år. I 2023 blir det konferanse 27 og 28 september.
Kvinnherad Næringsservice er ein organisasjon som arbeider med å støtte og utvikle næringslivet i Kvinnherad kommune. Organisasjonen har som mål å bidra til vekst, innovasjon og berekraftig utvikling av næringslivet i området.
Kvinnherad Næringsservice tilbyr ulike tenester og ressursar for å hjelpe bedrifter og gründerar med å realisere sitt potensial. Dette inkluderer rådgjeving og rettleiing i forretningsutvikling, marknadsføring, finansiering og strategisk planlegging. Organisasjonen jobbar òg med å etablere og oppretthalde samarbeid mellom næringar og andre aktørar for å fremje vekst og utvikling i Kvinnherad.
Sponsor: Human AS - https://human-as.no/
Sjekk ut:

Anne Karin Fossdal og Tove Vikanes Agdestein – om Folk i Sentrum og Folkehelseforum «55+ - ka no?»
8.–11. juni vert det arrangert «Folk i sentrum» på Stord. Stord kommune saman med næringliv, frivillige lag og organisasjonar står bak arrangementet med mål om å fremja helse, trivsel og fellesskap. 2 av dei som står i bresjen for dette arrangementet er Kommunalsjef Anne Karin Fossdal og Folkehelsekoordinator Tove Vikanes Agdestein. I denne episoden får du høyra litt om historia bak «Folk i sentrum», kva som står på programmet i år og om Folkehelseforum «55+ - ka no?» som er i Kulturhuset torsdag 8. juni kl. 17:30–20:00. Sjekk ut:
- https://www.facebook.com/folkisentrum
- https://www.folk-i-sentrum.no/program
- https://www.folk-i-sentrum.no/55-ka-no
Episoden er laga i eit kommersielt samarbeid med Stord Kommune.

Kaja Tharaldsen – om Kidnapping, Ein Vond Oppvekst og Ny Start
Kaja Tharaldsen er ei sterk jente, med ein sterk historie. Oppveksten til Kaja bar preg av omsorgssvikt, rus og overgrep. Ungdomstida var mørk og tung. Mange trudde at Kaja ikkje hadde ei framtid. Men ein dag, på randen av stupet, fekk livet ein ny start. Høyr om - Verdien av venskap - Trening - Livet som sjukepleiarstudent på Stord Følg Kaja på Instagram: https://www.instagram.com/kajatharaldsen/ Sjå video av intervjuet på YouTube: https://www.youtube.com/@sunnhordlandpodden
Har du behov for nokon å prate med?
Her kan du få hjelp:
– Akutt selvmordsfare? Ring 113 når det er akutt og står om liv. – Ring legevakt på tlf. 116117 for rask hjelp.
– Distriktspsykiatrisk senter (DPS) i din kommune.
– SOS-Chat - Mange synes det er lettere å chatte enn å snakke i telefonen om selvmordstanker. Åpent fra 1830 - 2230 på hverdager og 0130 på fredager.
– Kors på halsen (Røde Kors). Tlf. 800 33 321. I tillegg mulig å sende e-post (svar innen 2-3 dager).
– Ungdomstelefonen, tlf. 400 00 777.
– Alarmtelefonen for barn og unge – tlf. 116111
– Angstringen – tlf. 22223530
– Anonyme Alkoholikere – tlf. 91177770
– Anonyme Narkomane – tlf. 90529359
– Barneombudet – tlf. 22993950
– Dixi, ressurssenter for voldtatte – tlf. 22444050
– Hjelpelinjen for spillavhengige – tlf. 80080040
– Kameratstøtte, tilbud til soldater, veteraner og deres familie – tlf. 80048500
– Kirkens SOS, Krisetelefonen 22400040
- Kirkens SOS Anonym chattejeneste: soschat.no
– Landsdekkende telefon for incest- og seksuelt misbrukte – tlf. 80057000
– LEVE, Landsforeningen for etterlatte ved selvmord – tlf. 22361700
– Mannstelefonen. Reform – ressurssenter for menn – tlf. 22340950
– Mental helse, Hjelpetelefonen – tlf. 116123
– Mental helse, sidetmedord.no
– Pårørendesenteret i Oslo – tlf. 22491922
– RUStelefonen – tlf. 08588
– Rådgivningstelefon for pårørende innen psykisk helse – tlf. 22491922
– Rådgivningstelefon ved spiseforstyrrelser – tlf. 94817818
– Unghjelp – tlf. 98806120
– ung.no, det offentliges informasjonskanal for ungdom – tlf. 46615000
– Vern for eldre, Nasjonal kontakttelefon – tlf. 80030196

Julie Log – om Urt & Ugras, Gründerlivet, Matfilosofi, Pågangsmot og Nugatti
Julie Log fortel om reisa med Urt & Ugras og korleis gründerlivet kan vere på Stord. Du får høyra om opp- og nedturar i livet, og korleis det å få ein alvorleg diagnose i ung alder påverka ho. Julie deler tips til andre gründerspirer og fortel kva som motiverer henne til å halde fram som gründer.
Sjekk ut:
- https://www.urtogugras.no/
- https://www.facebook.com/urtogugras
- https://www.instagram.com/urtogugras/
Sponsor: Subshore AS - https://subshore.no/

Kristian L. Nicholls – frå Bank til Bilder, Print og Ramme, Stord Fotoklubb og Foto Maraton
Kristian L. Nicholls jobba i bank, men i dag jobbar han med bilder i Print og Ramme. Høyr om korleis den reisa har vært og kva som fekk Kristian til å endre fokus.
Vi prater og om foto av hoppeedderkopper, makrofoto, bruk av kunstig intelligens til å forbetre bilder, Stord Fotoklubb og Foto Maraton.
Sjekk ut:

Anne-Grethe Sandtorv og Torbjørn Brosvik – om Stordkonferansen, Stord Næringsråd og Nye Roller
Anne-Grethe Sandtorv skal trappe ned etter 15 år som leiar for Stord Næringsråd og Torbjørn Brosvik er klar for å ta øve stafettpinnen. Bli betre kjend med både Anne-Grethe og Torbjørn, lær om kva næringsrådet har fokus på og høyr om det som er på programmet den 8. juni når Stordkonferansen vert arrangert for 23. gong.
Sjekk ut: https://www.stordkonferansen.no/
Episoden er laga i eit kommersielt samarbeid med: Stordkonferansen

Grzegorz Gregor Gorczynski - om å Byggje Gode Relasjoner, Lego Masters Norge og Kreativitet
Grzegorz Gregor Gorczynski fortel om reisa frå Polen til Norge og om korleis Lego Masters Norge har forandra livet.
Du får og høyra om «Gregorsky BrickWorld» og draumen Gregor har, og om korleis Lego kan være med å byggje gode relasjoner.
Slå følge med Gregor på Instagram: https://www.instagram.com/gregorsky.brickworld/
Gorczynski har vist seg å vere ein ekspert på å bygge med Lego-klossar, og hans kreative tilnærming til Lego-bygging har gjort at han har fått ein stor følgjarskare.
Gorczynski er ein av mange som har oppdaga den kreative krafta i Lego-klossar. Han har brukt Lego til å bygge alt frå små figurer til store, imponerande byggverk. Med ein unik stil og eit godt auge for detaljar, har Gorczynski skapt ei rekkje imponerande Lego-kreasjonar som har vore ein stor inspirasjon for andre Lego-entusiastar.
Kreativitet er ein viktig del av Lego-bygging, og Gorczynski er ein stor forkjempar for å utforske den kreative sida av Lego. Han oppmuntrar andre til å eksperimentere med ulike design og idear, og å prøve nye ting når dei bygger med Lego. For Gorczynski er Lego ikkje berre ein hobby, det er ein måte å uttrykke seg på og å dele si kreativitet med verda.
Sponsor: Subshore - https://subshore.no/

Neeta Sankholkar - om Stord Cricket Klubb, Kulturelle Forskjeller og Reisa frå India til Stord
Neeta Sankholkar er Norges første kvinnelige cricket-trener! Du får bli betre kjend med Neeta som fortel om oppveksten i India, reisa til Stord og kor viktig det er å forstå kulturelle forskjeller. Neeta brenn for Stord Cricket Klubb, utdanning og god mat.
Sjekk ut https://www.facebook.com/stordcricketklubb/
Kom gjerne på Kafé med indiske og afghanske mat laurdag 6. mai: https://www.facebook.com/events/1664353160675732/?ref=newsfeed

Dag Jørund Lønning - om Det Grønne Skiftet, Kampen for Grøntida, Regenerativt Landbruk og Bygdeutvikling på Stord
Professor dr.philos. Dag Jørund Lønning er rektor ved Høgskulen for grøn utvikling.
Kampen for Grøntida blir Dag Jørund Lønning sitt viktigaste prosjekt i åra framover.
I denne episoden blir du betre kjend med Dag Jørund og det han brenn for.
Du får og tips om kompostering og hagestell. Og ikkje minst svaret på kva du kan gjera med all skvallerkålen i hagen (om du har det).
Sjekk ut:
Litt egenreklame: Sjekk ut https://www.lekendelett.net om du vil han hjelp med digital innhaldsproduksjon.

Irene Dalland og Gina Digernes – om Reko-ringen Sunnhordland og Lokalprodusert Mat
Kjenner du til Reko-ringen Sunnhordland og kva dei kan tilby?
I denne episoden er Irene Dalland og Gina Digernes på besøk i studio og fortel om Reko-ringen Sunnhordland og kvifor dei brenn for lokalprodusert mat.
Du får eit glimt av korleis det er å vera bonde på Bømlo og på Tysnes. Du får høyra om Garden På Bråtaneset, Sikje Småbruk og Garden på Dalland.
Du får svar på:
- Kva betyr det å vera Debio-sertifisert?
- Kva er økologisk mat?
- Kvifor er det lurt med piano i fjøset?
Og mykje meir.
Sjekk ut: https://www.facebook.com/groups/295587504434241
Sponsor: Bømlo Storsenter - https://bomlostorsenter.no/

Gaute Straume Epland – om jakta på ny kommunedirektør til Stord Kommune
Stord Kommune har høge ambisjonar. Kommunen er regionssenter i Sunnhordland og skal vera føregangskommune i det grøne skiftet og utvikla inkluderande fellesskap der innbyggjarar trivst og lever gode og trygge liv. No er ein viktig stilling ledig, og ordførar Gaute Straume Epland er gjest i Sunnhordlandpodden for å fortelja om jobben som kommunedirektør. Er du interessert i å søka på stillinga, eller lurer du berre på kva jobben som kommunedirektør inneber? Då er dette episoden for deg.
Les meir om stillinga her: https://human-as.no/ledig-stilling/325196/kommunedirektf8r/r
Episoden er laga i eit kommersielt samarbeid med Human AS og Stord Kommune.

Rønnaug Nymark – om Destinasjonsutvikling, Bekkjarvik Gjestgiveri og Beckerwyc House
Rønnaug Nymark er Direktør for Bekkjarvik Gjestgiveri AS som snart opnar opp Beckerwyc House.
I denne episoden blir du litt kjent med Rønnaug. Du får høyra om historia til Bekkjarvik Gjestgiveri, destinasjonsutvikling og kvifor du bør ta ein tur til Austevoll for å oppleve det nye Beckerwyc House. Sjekk ut: https://www.beckerwychouse.no/
Sponsor: Alde Akva - https://aldeakva.no/

Johannes Sandvik – om livet som Hyttegründer i Kråko
Kråko er eit sjøhytteområde på ei halvøy vest i Fitjar, som har vakse fram frå «ingenting» til ein moderne Fritids-destinasjon ved sjøen. I denne episoden fortel Johannes Sandvik om denne reisa, med både nedturar og oppturar. Du får og høyra om andre prosjekt som Johannes brenn for, og spennande ting som er på gong på Fitjar.
Sponsor: Fitjar Kommune

Leif Ottar Heimro - om Opplæringsavdelinga ved Aker Solutions, IL Solid og Museum i Garasjen
I denne episoden blir du litt bedre kjent med Leif Ottar Heimro som er leiar for opplæringsavdelinga ved Aker Solutions og eldsjel i frivillig arbeid for Idrettslaget Solid. Leif Ottar har og eige museum i garasjen, der han samlar på mykje forskjellig.
Vurderer du å ta yrkesfag? Er du interessert i å bli lærling i industrien? Då har Leif Ottar gode tips til deg i denne episoden.
Du får og høyra om korleis det er å være dommar i Worldskills Norway.
Sponsor: Aker Solutions - https://www.akersolutions.com/

Khiem Nguyen - om Studentlivet på Stord, Studentidrettslaget Råmund og Willy Frivillig
Khiem Nguyen fekk Willy Frivillig-prisen i 2022. I denne episoden får du bli betre kjend med Khiem og korleis livet er som student på HVL på Stord.
Khiem er leiar for Studentidrettslaget Råmund og ein aktiv pådrivar for frivillig arbeid blant studentar.
Sponsor: Pizza King AS

Reidar Horneland - om Hiernagla Brenneri, Whisky frå Vestlandet og Værbitt Motbør Gin
Reidar Horneland brenn bokstavelig talt for edle dråpa. Og han er kanskje ein av dei mest tolmodige i Sunnhordland. I denne episoden får du høyra om oppstarten av Hiernagla Brenneri i Sveio.
Korleis er det å starte opp med produksjon av whisky på vestlandet?
Om Værbitt Motbør Gin, og akevitten som forsvann fortare enn venta. Du får og høyra litt om dei ulike råvarene og prosessane i whiskyproduksjon, og kva andre produkt og opplevingar dei kan tilby i Hiernagla Brenneri.
NB: NYT ALKOHOL FORSVARLIG. Sponsor: Stord Hotell - https://stord-hotell.no/

Bonusepisode - Cecilie Anna - Slår et slag for Kvinnehelse og Shout Out på Nynorsk (med Einar Økland på telefon)
Her er eit lite bonus-klipp med Cecilie Anna og Einar Økland.
Takk for eit flott besøk i studio Cecilie Anna!
Har du ikkje lytta til episoden finn du den her: https://open.spotify.com/episode/4cIqUK1tEx4zlSORjlvO96?si=2811f91553c14bef
Vil du støtte SunnhordlandPodden?
Sjekk ut: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/subscribe
Vil din bedrift bli sponsor?
Ta kontakt via post@sunnhordlandpodden.no

Kultursjef Anne Lene Østvold Jordåen - og Elevar frå Langeland Skule - Barn og Unges Medverknad
Anne Lene Østvold Jordåen fortel om eit pilotprosjekt om "Barn og unges medverknad i kommunale planprosessar".
Og du får høyra ein podkast som Elevar frå Langeland Skule har laga i samband med dette prosjektet.
Eining for kultur og Fagkontor plan fekk i august 2022 midlar frå Kulturtanken til gjennomføring av eit prosjekt som skulle ha fokus på barn og unge sin medverknad i kommunale planprosessar. Målet med prosjektet var å finna gode metodikkar for korleis kommunen kan skapa engasjement og inkludera barn og unge i planarbeid. Fokus var på at barn og unge skal få høve til å komma med innspel gjennom ulike kunstuttrykk. Blant anna via podkast.
Dei som har arbeidd med prosjektet er heilt overvelda over engasjementet og refleksjonane til elevane.
Tema som dei kom med innspel om:
- Der eg bur - korleis vil me ha det?
- Det eg likar å gjera - kva ynskjer du å fylle tida di med?
- Dette tek me vare på - kva vil me ha med oss inn i framtida?
Vil du støtte SunnhordlandPodden?
Sjekk ut: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/subscribe

Lillian Anthonessen - om Dyrehage, Besøksgård, Glamping og Lokalprodusert Mat på Huglo
Visste du at det er ein Dyrehage i Sunnhordland? Ein dyrehage med meir 100 dyr, fordelt på ca. 28 ulike artar.
I denne episoden får du bli betre kjent med Lillian Anthonessen som driv Myrvold Gård på Huglo, og høyra historia bak Dyrehagen på Huglo.
Du får og høyra om glamping, lokalprodusert mat og planane dei har for framtida.
Sjekk ut:
- https://myrvold-besoksgard.webnode.page/
- https://www.instagram.com/myrvoldgard/
- Myrvold Gård på Facebook
Episoden er produsert i eit kommersielt samarbeid med Atheno - https://atheno.no/

Heidi Rolfsnes - om Blott en dag, Konsert og Carola
Heidi Rolfsnes skal ha konsert den 26. mars i Bremnes kyrkje. I denne episoden får du litt av historien til Heidi og du får høyre om kvifor ho no inviterer til konsert. På programmet står songar av Lina Sandell, inspirert av Carola sitt album "Blott en dag".
Sjekk ut:
https://bomlokulturhus.no/bremnes-kyrkje-blott-en-dag-w7syg6/
Sponsor: Sag & Bygg - https://www.sagogbygg.no

Nils Hetleflåt – om Friidrett og Livet som Trenar
Nils Hetleflåt brenn godt over snittet for friidrett og trening. Han er ein engasjert og dedikert trenar, som alltid stiller opp med sykkelen, uansett vær.
I denne episoden får du høyra om historia til Nils og om livet som trenar i Stord Friidrett, og som fagansvarlig for mellom og langdistanse i NFIF.
Har du forresten vurdert å delta i Sunnhordland Maraton? Då får du nokre gode tips om korleis du kan legge opp treninga fram mot løpet.
Sponsor: Sunnhordland kraftlag AS - SKL - https://skl.as

Cecilie Anna - om 8. mars, Musikken, Awa United og Absolutt Gehør
Cecilie Anna Hope Rønhovde beskriv seg sjølv som ein halvstudert røvar. Ho brenn for musikk, fine folk, og er aktuell med ein heilt ny song: «For My Sisters», som blir lansert 8. mars – på kvinnedagen. Du får bli betre kjent med historia til Cecilie Anna, venskapet med Awa Rahimpour og Awa United. Me kjem og inn på klokkespel, LetraMix og mykje framsnakk.
Sjekk ut:
Awa United https://www.awaunited.com
For My Sisters https://www.youtube.com/watch?v=mqeZS_pWhdE
Cecilie Anna - https://www.facebook.com/CecilieAnna
Sponsor: Bakeriet Frugård https://frugaard.no

Anders Dahl - om «Gofoten», engasjement i lokalkyrkja og kyrkjevalet
Han har flytta til Stord frå Trøndelag, jobbar som leiar i Aker Solutions og har så klart Nils Arne Eggen som forbilde. Han er og leiar i soknerådet på Stord og brenn litt over gjennomsnittet for arbeidet som kyrkja driv. Til hausten er det kyrkjeval og i denne episoden vert du litt betre kjend med Anders Dahl og kva kyrkja på Stord driv med. Anders fortel om rolla til soknerådet og kven han meiner bør stille til val.
Episoden er produsert i eit kommersielt samarbeid med Kyrkja på Stord og i Nysæter
Sjekk ut: https://www.kyrkjastord.no og https://www.facebook.com/kyrkjaistord

Øyvind Hjelmen - om Livet som Fine Art Fotograf og Billedkunstner
Øyvind Hjelmen er fotograf og billedkunstner. Han har hatt fotoutstilling i 14 land. Han har vunnet mange priser for bildene han har tatt. Han er rett og slett en verdenskjent fotograf, som kommer i fra Stord. I denne episoden får du bli litt bedre kjent med mannen bak kamera.
Torsdag 2. mars åpner utstillingen BROKEN SHADOW - UpNorth Art Society, Bergen
Sjekk ut: https://www.facebook.com/events/907713933702780/?ref=newsfeed
De skriver:
Velkommen til vernisassge og kunstnersamtale ledet av Halvor Folgerø torsdag 02.03.23 – kl.18-20
Det er en sann glede å presentere den prisbelønte fotografen Øyvind Hjelmen som vår første separatutstiller. Øyvind Hjelmen tør vi påstå er en av Norges fremste Fine Art fotografer, spesialisert i analogt sort/hvitt fotografi. Hans fotografier dokumenterer de små øyeblikkene av glede og melankoli, som forteller enigmatiske historier en erindrer
men aldri var del av.
Øyvind Hjelmen har arbeidet med fotografi og sitt kunstneriske uttrykk i over 25 år og har stilt ut over store deler av verden som USA, Tyskland, Russland, Italia, Frankrike, Japan med flere.
Verkene hans har blitt kjøpt av samlinger som Museum of Fine Art - Houston, Texas, og Centro Internazionale di Fotografia Scavi
Scaligieri – Verona, Italia for å nevne noen få.
I tillegg til sine fotografier har Øyvind Hjelmen også gitt ut en rekke bøker og blitt omtalt i fotografimagasiner som LensCulture og Analog Forever Magazine.
- - -

Endre Olsen – om The Voice og Livet som Trubadur
Endre Olsen fortel om korleis det var å delta på The Voice, og kvifor han bestemde seg for å være med på dette tv-programmet.
Du får og høyra om kva musikken betyr for Endra, og kvifor han av og til tar litt utradisjonelle valg.
Me er innom den musikalske-cv´n og pratar om «Angry Wasp», Blood Command, livet på turne, Olsen & Jensens viseklubb, kulturprisen fra Stord Kommune og «Olav H. Hauge-stipendet» som er finansiert av Sparebanken Vest, Sparebankstiftinga Hardanger og Ulvik herad.
Sponsor: Fonna live

Lene Pilskogs oppdrag: Regionsutvikling
Ho er oppvaksen i Hjørungavåg på Nord-Vestlandet men busett i Sunnhordland. Ho har eit sterkt engasjement for næringslivet i regionen vår, - og er såleis ein perfekt match med stillinga som leiar for Invest In Sunnhordland. I denne podkasten får du vite meir om kva Lene arbeider med, kven ho samarbeider med, - og me har sjekka litt ut kven ho er på privaten. Absolutt verdt å låne øyra til!
Har du spørsmål?
Ta kontakt med Lene, Leiar for Invest in Sunnhordland: 481 51 050 lene@atheno.no
Denne episoden er laga i eit kommersielt samarbeid med Atheno.

Kjell Storelid - om OL på Lillehammer, Medaljene og Skeisehall på Vikahaugane
Kjell Storelid er kåra til århundres idrettsutøver frå Stord. I denne episoden fortel han om si historie og korleis det var å vinna to sølv under OL på Lillehammer i 1994. Han tar oss med til 13. februar 1994 og deler om korleis den dagen var for han. Du får høyra om korleis det går med planane om Skeisehall på Vikahaugane og kvifor Kjell brenn for frivillighet og idrett. Kjell fortel og om kva som må til for å lukkast som idrettsutøvar. I dag jobbar Kjell Storelid for Wärtsilä på Stord, og han deler litt om ammoniakktesting og framtidas drivstoff for shipping. Du får og med deg kva Kjell har tatt med seg fra toppidretten inn i næringslivet.
Sponsor: Stord tannregulering - http://www.stordtannregulering.com

Aleksander Fauske – om Lynghaugane Møbelverkstad, Produksjon av Møbler i Heiltre og livet på Tysnes
Aleksander Fauske fortel om korleis det var å flytta heim til Tysnes, og etter kvart starte opp sitt eige foretak - Lynghaugane Møbelverkstad.
Høyr om kortreist, kvalitetsmøblar av edeltre og vegen frå nøtt til ferdig møbel.
Sjekk ut:
Sponsor: Tysnes Kraftlag - https://www.tysneskraftlag.no

Thor Oddvar Havn – om livet som Somelier og Pommelier, Humorist og Friluftsentusiast
Thor Oddvar Havn deler litt av sin historie i denne episoden av Sunnhordlandpodden. Han jobbar som Restaurantsjef for Stord Hotell og er utdanna Somelier og Pommelier. Kva det betyr får du høyra meir om i episoden. Men Thor Oddvar har og andre interesser, og deler glimt frå blodige fisketurar og tidenes aurefangst i Storavatne på Fitjar.
Thor Oddvar skal og være med i eit Show saman med Åge Stokken på Gruvo pub 17 og 18 februar. Korleis det har seg får du og svar på i denne episoden.
Sjekk ut Siderpodden til Thor Oddvar!
Sponsor: Kloster Laks - http://klosterlaks.no

Per Kristian Kvalheim - om Kelterson, Musikken og Nytt Album på mono-log
Lørdag 4. februar skal Per Kristian Kvalheim synge på Mono-Log FESTIVAL 1 – på Arena.
I denne episoden får du bli litt betre kjend med PK og den musikalske reisa han har vært på.
NB: Få med deg heile episoden, for mot slutten får du med deg ein liten konkurranse ...
Sjekk ut:
- https://www.instagram.com/keltersonmusic/
- https://www.facebook.com/Kelterson
- https://open.spotify.com/artist/5GPe35XDPM4Dhlxb7j6uZg?si=QikbjiC9S3qezhzrf1dmdw
- https://www.mono-log.no/kelterson
Sponsor: Fonna live