
Presten tar praten
By Tone Marit Øvretveit Dyrkolbotn
Ho trivs best når ho kan stilla spørsmål som kanskje ikkje alle vågar å stilla - men som mange nok har tenkt på - og prata med folk på eit litt djupare og nærare plan. Der bur ofte dei gode samtalane.
I denne podkasten får ho utfolda seg! Ho inviterer både kjente og ukjente folk til ein kopp kaffi og tar praten om dei store og små tinga i livet.
@prestentarpraten
Musikk: Øyvind Haugland
Teknikk: Øyvind Haugland og Anna Øvretveit Dyrkolbotn
Idé og regi: Tone Marit Øvretveit Dyrkolbotn (presten)

Presten tar pratenApr 02, 2021

Å vera transkjønna. Å vera eit medmenneske.
I denne episoden får Tone Marit endeleg prata med Elisabeth.
Elisabeth er ei kvinne som er transkjønna, jobbar med IT og trur på Gud.
Bli kjend med ho i denne episoden av Presten tar praten.
Gjest: Elisabeth Meling
Musikk: Øyvind Haugland
Teknikk: Øyvind Haugland og Anna Øvretveit Dyrkolbotn
Presten som tar praten: Tone Marit Øvretveit Dyrkolbotn

Ungdom - i 2021!
Dette, og mykje meir, får me svar på når me får møta Ling Michelle Aadahl i dagens episode. Ling er 17 år, bur i Alver, er leiar i Alver Ungdomsråd og er over middels engasjert i det som skjer rundt ho. Gled deg til å verta kjend med ho!
Teknikk: Øyvind Haugland og Anna Øvretveit Dyrkolbotn
Musikk: Øyving Haugland
Presten: Tone Marit Øvretveit Dyrkolbotn

Ung for fjella

Bak murane
Korleis er det å jobba som fengselsprest? Korleis er det å lytta til nokon som fortel om drap, vald eller andre kriminelle handlingar?
Kva gjer det med deg som menneske å jobba så tett på folk i fengsel - og kva med synet ditt på menneske og på Gud?
I denne episoden møter med tidlegare fengselsprest, Rune Minde.
Teknikk: Øyvind Haugland og Anna Øvretveit Dyrkolbotn
Musikk: Øyvind Haugland
Presten: Tone Marit Øvretveit Dyrkolbotn

Sara er ordførar
Viktigheita av gode lokalsamfunn, blanda med mykje latter og samtalar om korleis det har prega Sara å vera ordførar er noko av det du får i denne episoden. Og får ho tilbakemeldingar på at ho som ung kvinne er ordførar?
Møt Sara Hamre Sekkingstad. Ein av Noreg sine yngste ordførarar, som leier den nye storkommunen Alver. Her kan du læra litt meir om ordførarjobben, men først og fremst kan du verta betre kjend med Sara. Og eg lovar deg: Sara er vel verdt å bli betre kjend med!

Å jobba tett på døden - Lisbeth Morken
Det er langfredag og temaet er: Å jobba tett på døden.
Korleis er det å jobba tett på døden? Kvifor er det lys i korset på taket på bårebilar? Kva kan du gjera når nokon nær deg døyr?
I denne episoden prater Tone Marit med Lisbeth Morken. Lisbeth jobbar i Vatne begravelsesbyrå og er utruleg glad i- og stolt av jobben sin.
Her får du kanskje svar på spørsmål du har - og spørsmål du ikkje visste du hadde - om denne tematikken.
God påske!
Musikk: Øyvind Haugland
Teknikk og regi: Anna Øvretveit Dyrkolbotn og Øyvind Haugland

Presten tar praten - pilot
Velkommen til Presten tar praten!
Me ladar opp til første episode med ein liten pilotepisode!
Første episode kjem 2.april 2021.
Følg oss gjerne på @prestentarpraten
Musikk: Øyvind Haugland
Teknikk: Øyvind Haugland og Anna Øvretveit Dyrkolbotn
Regi og idé: Tone Marit Øvretveit Dyrkolbotn (presten)